Døme: Hestar og travsport

  • Skriv ut

Peder er lønnsmottakar og eig eit småbruk der han leiger vekk jorda. Som travinteressert vil han prøve om det er mogeleg å trene opp ein eller fleire hestar som kan vinne premiar på travbana. Her ser du korleis han fører utgifter og inntekter i oppstartsperioden.

Av omsyn til plassen er berre nokon utvalde samlepostar utfylte i bilagsoversikta i skjemaa. Døma viser kor stor den økonomiske aktiviteten er, men ikkje korleis ein skal gjennomføre ei eventuell skattlegging av kvar einskild post. Dømet viser heller ikkje meirverdiavgift og registrering i meirverdiavgiftsmanntalet. Nærare informasjon finn du under ”Næringsliv”

År 1 – Innreiing av stall og kjøp av føl

Peder er lønnsmottakar og eig eit småbruk der han leiger vekk jorda. Han er interessert i trav og vil prøve om det er mogeleg å trene opp ein eller fleire hestar som kan vinne premiar på travbana. Han skaffar seg 3 føl av rimeleg god avstamming.

Han har håp om og tru på at dette etter kvart skal bli ei inntektsbringande verksemd. Han er kjend med at han kan få frådrag for kostnadene i opptil 5 oppstartsår dersom han lukkast, og travprosjektet går så godt at det blir rekna som ”verksemd” av skattestyresmaktene Difor bestemmer han seg frå det første året for å ta vare på bilag og fylle ut skjemaet, RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av bygningsrekvisita – spikar, skruar o.a.

 

2 800

 

2

Kjøp av havre   

 

5 300

 

3

Kjøp av høy   

 

4 600

 

4

Kjøp av utstyr til hestane 

 

5 000

 

5

Kjøp av 3 føl

 

90 000

 

 (Innkjøp av føl er ikkje ein ordinær kostnad reint skattemessig, men ein skal likevel ta det med for å dokumentere aktiviteten.)

År 2

I år 2 må Peder kjøpe meir utstyr pluss fôr til hestane.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av ymse utstyr 

 

15 000

 

2

Kjøp av fôr  

 

15 000

 

3

Kjøp av sulky  

 

12 000

 

4

Bet. dyrlege og medisinar   

 

4 000

 
År 3

I år 3 blir ein av hestane skadd og må avlivast. Dei andre to blir fôra og trente. Ein profesjonell trenar blir leigd inn for ein periode.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av fôr 

 

20 000

 

2

Bet. trenar

 

21 000

 

3

Oppgjer for slakt av éin hest  

 6 000

 

 

4

Bet. dyrlege og medisinar   

 

5 000

 År 4

Dei to hestane er no begge lovande, godt trente tre-åringar og startar på bane. Dei køyrer inn fleire pengepremiar på totalisatorløp.

Peder ser at drifta går med overskot. Men han er klar over at det er eit vilkår for å få drifta godkjend som ”skattemessig verksemd”, at verksemda er eigna til å gi overskot over tid.  Ettersom travpremiar er ei usikker inntektskjelde og hestane er såpass unge, vil han difor sjå an drifta ytterlegare eitt år før han ev. leverer næringsoppgåve.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av fôr 

 

20 000

 

2

Bet. trenar

 

30 000

 

3

Ymse premiar  

 90 000

 

 

4

Bet. dyrlege og medisinar   

 

8 000

 

År 5

I år 5 viser hestane framleis framgang. Dei samla premiane utgjer kr 380 000 og dei samla kostnadene kr 90 000. Nettoresultatet/overskotet er kr 290 000.

Peder forventar no at hestane i dei komande åra totalt kjem til å køyre inn premiar i minst det same omfanget som i år 5, og at han dermed oppfyller vilkåra for at hestehaldet blir rekna som skattepliktig verksemd. Han fører ein fullstendig rekneskap for år 5, leverer næringsoppgåve og overfører resultatet frå næringsoppgåva til sjølvmeldinga.

Saman med næringsoppgåva leverer han RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt med ei bilagsoversikt for kvart av dei 4 føregåande oppstartsåra.
 
Skattekontoret vurderer no for det første om Peder oppfyller vilkåra for å drive ei skattepliktig verksemd. Dersom ein kjem fram til han gjer det, blir det vurdert når denne verksemda reelt sett starta opp, og om det er grunnlag for å endre likninga for tidlegare inntektsår.

Er vilkåra oppfylte, får Peder endra likninga si for dei oppstartsåra som blir godkjende, med dei endringane i skattepliktig inntekt som skattekontoret etter å ha vurdert innsende bilagsoversikter og ein eventuell dialog med Peder, meiner er relevante.

Sjå eventuelt òg Veileder for skatte- og avgiftsmessige spørsmål i hestebransjen (PDF).

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.