Døme: Lefseproduksjon

  • Skriv ut

Ole bur på ein gard og har alltid vore glad i å bake og vil prøve å starte eit lite lefsebakeri på stabburet, som han håpar kan bli ei inntektsbringande verksemd. Her ser du korleis han handterer utgifter og inntekter i oppstartsåra.

Ole ominnreier stabburet og skaffar seg nødvendig utstyr. For å etablere ein kundekrins kontaktar han "Bondens marknad". Han blir oppmoda om å tilby produktet sitt på nokon marknadsdagar, og når han om hausten presenterer lefsene på marknaden, er det etterspurnad etter produkta.

Det første året er inntektene bra, sjølv om han berre hadde full produksjon dei to siste månadene av året. Dei store etableringskostnadene gjorde det likevel til eit klart underskotsår. Sjølv om han trur at produksjonen og salet kjem til å bli vesentleg større året etter, vurderer han det slik at det ikkje skal handsamast som ei skattemessig verksemd allereie no.
  
Han bestemmer seg difor for å dokumentere inntektene og kostnadene for dette året ved å fylle ut skjemaet, RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt og oppbevare alle bilag.  Dersom lefseproduksjonen viser seg å kunne gå med overskot innan 5 år, kan han (dersom det blir godkjent av skattekontoret) få godkjent dette året som oppstartsår og få endra likninga.
 

År 1: Start av lefseproduksjon

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av omn

 

25 000

 

2

Kjøp av materialar til stabbur

 

10 000

 

3

Kjøp av ymse utstyr

 

10 000 

 

4

Råstoff 

 

6 000

 

5

Ymse sal

30 000

 

 

6

Straum o.a.

 

10 000

År 2

Ole blir utsett for eit uhell og blir sjukmeld store delar av året. Han greier berre ein svært avgrensa produksjon og eit lite overskot, men gir ikkje opp og håpar at han neste år får oppfylt forventningane sine.

Etter 2 års drift ser han at vilkåret om at føretaket er "eigna til å gi overskot over tid", sannsynlegvis ikkje kan reknast som oppfylt. Han leverer ikkje næringsoppgåve, men tek vare på bilag og fyller ut eit eksemplar av RF-1298 også for dette året.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av straum o.a. 

 

5 000

 

2

Kjøp av råstoff  

 

7 000

 

3

Ymse sal 

 30 000

 

 

4

Marknadsføring  

 

5 000

År 3
Dette året går produksjon og sal strykande, og Ole ser at verksemda kjem til å gå med stort overskot. Når året er omme, viser resultatet kr 250 000 i brutto inntekter og kr 75 000 i totale kostnader.

Ole meiner no at han oppfyller vilkåra for næringsdrivande. Han leverer næringsoppgåve og overfører resultatet frå næringsoppgåva til sjølvmeldinga. Saman med næringsoppgåva leverer han RF-1298 "Oppstart av verksemd – bilagsoversikt" med ei bilagsoversikt for kvart av dei to føregåande oppstartsåra (som vist ovanfor).

Skattekontoret vurderer no for det første om Ole oppfyller vilkåra for å drive ei skattepliktig verksemd. I så fall vurderer ein når denne verksemda reelt sett starta opp, og om det er grunnlag for å endre likninga for dei to oppstartsåra.

Er vilkåra oppfylte, får Ole endra likninga si for dei oppstartsåra som blir godkjende, med dei endringane i skattepliktig inntekt som skattekontoret etter å ha vurdert innsende bilagsoversikter og ein eventuell dialog med Ole, meiner er relevante.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.