Døme: Verkstad

  • Skriv ut

Anne har i nokon år hatt som hobby å setje i stand veteranbilar. No vil ho prøve å utvikle dette vidare og starte ei eiga inntektsbringande verksemd som reparatør av veteranbilar. Her ser du korleis ho fører utgifter og inntekter i oppstartsåra.

Anne har nokon år hatt som hobby å setje i stand veteranbilar, med stor garasje og ein del utstyr og verktøy for til saman om lag kr 100 000. Ho har imponert slekt og kjende og har no og då reparert bilar som vennetenester. No vil ho prøve å utvikle dette vidare og starte ei eiga inntektsbringande verksemd som reparatør av veteranbilar.

År 1 – Avgjerd om å etablere eigen verkstad

Ho ser klart at ho då må skaffe seg meir utstyr og verktøy. Ho veit at ho kan få frådrag for kostnadene i opptil 5 oppstartsår dersom ho lukkast og reparasjonsverksemda går så godt at ho blir rekna som næringsdrivande av skattestyresmaktene. Difor bestemmer ho seg for at ho frå no av vil ta vare på bilag og fylle ut skjemaet RF-1298 Oppstart av verksemd – bilagsoversikt.

Ho er klar over at ho ikkje kan krevje å få frådrag i skattepliktig inntekt for dei kr 100  000 som ho hadde investert til hobbyaktiviteten sin. Desse kostnadene kan ho difor ikkje føre opp på skjemaet for det første oppstartsåret.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av hydraulisk jekk

 

45 000

 

2

Kjøp av reiskap og verktøy

 

20 000

 

3

Kjøp av materialar til verkstad

 

50 000

 

År 2

Garasjen må oppgraderast ytterlegare. Det gjeld mellom anna avløp og ventilasjon.

Seint om hausten år 2 opnar Anne verkstaden og tek imot vederlag for nokon utførte reparasjonar. Ho ser at det ikkje er noko problem å få oppdrag. Men ettersom ho også dette året har underskot på drifta, trur ho ikkje ho kjem til å bli vurdert som næringsdrivande av skattestyresmaktene. Ho leverer difor ikkje næringsoppgåve, men håpar på eit klart overskot neste år.

Dato  

Bilag

Kva

Inntekt 

Kostnad

 

1

Kjøp av ventilasjonsanlegg

 

30 000

 

2

Kjøp av brannvarslingsanlegg

 

20 000

 

3

Utført reparasjonar

 40 000

 

 

4

Div. rekvisita

 

20 000

 

5

Straum, vatn, gass, renovasjon o.a.

 

15 000

År 3

I år 3 får Anne det eine oppdraget etter det andre, og ho ser at verksemda kjem til å gå med eit vesentleg overskot langt raskare enn ho hadde venta.

Ho kontaktar ein rekneskapsførar, som rår henne til å føre full rekneskap dette året, for det verkar sannsynleg at ho vil oppfylle vilkåra for å bli godteken som næringsdrivande. Ved slutten av året viser resultatet kr 350 000 i brutto inntekter og kr 150 000 i totale kostnader.

Anne reknar no med at ho oppfyller vilkåra for å rekna som næringsdrivande. Ho leverer næringsoppgåve og overfører resultatet frå næringsoppgåva til sjølvmeldinga. Saman med næringsoppgåva leverer ho RF-1298 "Oppstart av verksemd – bilagsoversikt" med ei bilagsoversikt for kvart av dei to føregåande oppstartsåra (som vist ovanfor).

Skattekontoret vurderer no om Anne oppfyller vilkåra for å drive ei skattepliktig verksemd, og i så fall når denne verksemda reelt sett starta opp, og om det er grunnlag for å endre likninga for tidlegare inntektsår.

Er vilkåra oppfylte, får Anne endra likninga si for dei oppstartsåra som blir godkjende, med dei endringane i skattepliktig inntekt som skattekontoret etter å ha vurdert innsende bilagsoversikter og ein eventuell dialog med Anne, meiner er relevante.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.