Lotteriet Sweepstakes 8 (World Games Inc/WGI)

  • Skriv ut

Skattelova § 5-50 andre ledd bokstav d.

Skattedirektoratet viser til e-posten Dykkar av 29. mai og 23. juni 2006 og til tidlegare korrespondanse, e-posten Dykkar av 18. januar og direktoratet sitt svar av 31. januar 2006, som òg er publisert på skatteetaten.no. Ein viser vidare til brev frå direktoratet av 7. oktober 2004 til alle fylkesskattekontora og Oslo likningskontor om WGI og brev til Lister likningskontor av 31. oktober 2005 om Sweepstakes 8.

Skattelova § 5-50 andre ledd bokstav d første punktum lyder (frå og med inntektsåret 2003):

”Som inntekt henregnes ikke, uansett om betalingen skjer samlet eller oppdelt over en periode, gevinst fra” 

”d) pengespill og lotterier i annen EØS-stat som godtgjøres å tilsvare de spill eller lotterier som lovlig kan tilbys i Norge, og som er underlagt offentlig tilsyn og kontroll i hjemstaten.”

Vilkåra for at gevinsten er skattefri etter den ovannemnde føresegna er såleis:

  • at spelet/lotteriet er i ein annan EØS-stat
  • at spelet/lotteriet svarar til lotteri som er tillatne etter norsk lovgiving
  • at spelet/lotteriet blir halde i samsvar med offentleg løyve i staten det er tale om
  • at spelet/lotteriet er underlagt offentleg regulering og kontroll i staten det er tale om.

Vilkåra er kumulative, det vil seie at alle vilkår må vere oppfylte for at gevinsten skal vere skattefri.

Det går fram av ordlyden i lova når ein held denne saman med forarbeida at vinnaren av gevinsten har plikt til å bevise at vilkåra for skattefritak er oppfylte, jf. Ot. prp. nr 1 (2003-2004) side 20.

Etter norsk lotterilovgiving kan spel/lotteri som hovudregel berre haldast til inntekt for humanitært eller samfunnsnyttig føremål, jf. lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotteri o.a. § 5 første ledd.

Sweepstakes8 var eit vekeslotteri for medlemmer av WGI. Lotteriet blir i dag tilbydd til medlemmer av Aspiritus. Stiftinga International Lottery in Liechtenstein Foundation (ILLF) er operatør for Sweepstakes8 og fire andre lotteri, jf. heimesida til stiftinga. Når det gjeld Sweepstakes8 går det fram at ”5 % of all proceeds donated to charities”. Den same prosentdelen gjeld for lotteriet Golotto, når det gjeld LOTTOLUCK blir 10 % av all inntekt donert, og for Play PLUS Lotto er prosentdelen 25 % “of all proceeds”. For Globelot er det ikkje oppgitt kor stor del som går til velgjerande føremål. Direktoratet forstår dette slik at det er opp til kvart einskild lotteri å fastsetje delen som går til velgjerande føremål, og utrekningsgrunnlaget for denne delen.

For Sweepstakes8 sit private subjekt att med 95 prosent av innsatsen. Berre 5 prosent går til velgjerande føremål. Av forarbeida til skattelova § 5-50 andre ledd bokstav d går det fram at reint kommersielle spel der gevinstdelen er svært høg og der det er private subjekt som sit att med overskotet, ikkje svarar til skattefrie spel i Noreg. Det inneber at gevinstar frå mellom anna kasino framleis kjem til å vere skattepliktige slik dei er i dag. Det lovendringa tek sikte på er å likestille den skattemessige handsaminga av gevinstar frå utanlandske spel som er av same art som dei det er tillate å tilby i Noreg, og der ein fører offentleg kontroll og tilsyn med spelet. Slik kjem til dømes typisk gevinstar frå finsk lotto eller svensk V 75 til å bli likestilte med norsk lotto og norsk V 75, jf. Ot. prp. nr. 1 (2003-2004) pkt. 6.3. Sweepstakes8 svarar ikkje til spel eller lotteri som lovleg kan tilbydast i Noreg. Dette vilkåret for skattefridom er ikkje oppfylt.

At Sweepstakes8 berre blir tilbode til medlemmer av WGI er ytterlegare eitt argument for at spelet ikkje svarar til dei spela eller lotteria som lovleg kan tilbydast i Noreg.

WGI Inc var registrert på British Virgin Island. Av heimesida til stiftinga går det fram at ILLF er operatør for Sweepstakes8 på vegner av Aspiritus, at Aspiritus eig spelet, og at spelet berre kan spelast via heimesida til Aspiritus. Aspiritus er etterfølgjaren til WGI. På heimesida til Sweepstake8s finn ein dette: ”Operated by: The International Lottery in Liechtenstein Foundation for Aspiritus.” Direktoratet reknar med at situasjonen var tilsvarande under WGI Inc. Direktoratet ser det slik at stiftinga berre er ein operatør for lotteriet, og at det ikkje er dokumentert/sannsynleggjort at heimstaten er Liechtenstein.

Dei har lagt ved kopi av Bestätigung av 27. juni 1995 frå Regierung des Fürstentums Liechtenstein. Kopien stadfestar at International Lotteri in Liechtenstein Foundation er gitt bevilling til å gjennomføre eit lotteri over Internett.

Dei har vidare lagt ved kopi av Bestätigung av 18. februar 1997 frå Regierung des Fürstentums Liechtenstein. Denne stadfestar samarbeid mellom det internasjonale Røde Kors, Red Crescent Societies og der Internationalen Lotterie in Liechtenstein Stiftung.

Ein har desse merknadene til kopiane: Dei er ikkje lagt fram i original, og dei stadfestar ikkje at Sweepstakes8 kjem inn under bevillinga, eller at lotteriet er underlagt offentleg tilsyn og kontroll.

Direktoratet held fast ved at gevinst frå Sweepstakes8 ikkje kjem inn under skattefritaket i skattelova § 5-50 andre ledd bokstav d. Gevinst frå Sweepstakes8 er skattepliktig etter skattelova § 5-50 første ledd. Gevinstar er skattepliktige når verdien overstig 10 000 kroner.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.