Om skatteplikt i nettspelet "Entropia Universe"

  • Skriv ut

Spørsmål om skatteplikt når ein deltek i spelet "Entropia Universe".

Skattedirektoratet viser til brev frå likningskontor av 28. mars 2007 med vedlegg knytt til skatteplikt når ein deltek i nettspelet "Entropia Universe", og til brev av 4.12.2007.

Faktum

Det er opplyst at "Entropia Universe" (tidlegare "Project Entropia") er eit virtuelt univers med ein virtuell økonomi. "Entropia Universe" har ei eiga "pengeeining" kalla PED (Project Entropia Dollar). Spelet har òg "pengeeininga" PEC som er 1/100 PED (Project Entropia Cent). 10 PED = 1 USD. Aktiviteten går føre seg i cyberspace. Ein kan laste ned "spelet" gratis. For å handle i "Entropia Universe" må ein nytte PED.

PED kan vekslast til USD og godskrivast bankkonto. Det er òg introdusert eit ATM-kort som kan nyttast i minibankar eller til varekjøp som eit vanleg kredittkort. "Entropia Universe" blir marknadsført som "The first virtual universe – with a real cash economy".

Ifølgje www.wikipedia.org blei spelet først utvikla i Sverige i 1995. "Entropia Universe" har over 650 000 registrerte deltakarar frå meir enn 220 land. Det er gjennomsnittleg 600 spelarar online til kvar tid. Spelet har ein stor virtuell økonomi.

Rettsleg vurdering

Fritidssyssel/hobby
Skatterettsleg blir det å delta i aktivitet i ei virtuell verd i dei fleste tilfelle rekna som ein fritidssyssel/hobby. Inntekt av fritidssyssel/hobby er skattefri. Skattedirektoratet går ut ifrå at for dei fleste som deltek i "Entropia Universe", er deltakinga ein fritidssyssel/hobby.

Inntekt som følgje av aktivitet som går føre seg i "Entropia Univers", til dømes kjøp og sal av virtuelle eigedelar og utleige er då skattefri.

Verksemd
Skattedirektoratet vil ikkje utelukke at det i særskilde tilfelle kan liggje slik an at det kan reisast spørsmål om inntekta er vunne ved verksemd, jf. skattelova § 5-30. For at inntekt skal kunne skattleggjast som verksemdsinntekt, må skattytaren utøve ein aktivitet av økonomisk karakter som objektivt sett er eigna til å gå med overskot, om ikkje det året likninga gjeld for, så i alle fall på noko lengre sikt. Aktiviteten må ha eit visst omfang og ta sikte på å vare ei viss stund. Aktiviteten må utøvast for skattytaren si rekning og risiko.

Ligg det føre verksemd, er den samla inntekta skattepliktig. Kostnadene som ein pådreg seg for å erverve, sikre eller halde ved like verksemdsinntekta er frådragsgivande, jf. skattelova § 6-1. Det blir utlikna trygdeavgift og toppskatt.

Skattytar som driv verksemd, skal som vedlegg til sjølvmeldinga levere næringsoppgåve, jf. likningslova § 4-4 første ledd. Den som er pliktig til å levere næringsoppgåve er bokføringspliktig, jf. bokføringslova § 2 andre ledd. Bokføringsplikta inneber mellom anna plikt til bokføring, spesifikasjon og dokumentasjon. Når enkeltpersonføretak har plikt til å utarbeide årsrekneskap går fram av rekneskapslova § 1-2.

Tilfeldig inntekt – spel
Tilfeldige gevinstar, mellom anna gevinstar ved spel er skattepliktige etter skattelova § 5-50 første ledd. Gevinsten er skattepliktig når han overstig kr. 10 000.

Beløpsgrensa gjeld kvart einskild spel. Når ein bereknar gevinsten blir det gitt frådrag for innsatsen til det konkrete spelet. Skattytaren må kunne dokumentere/sannsynleggjere gevinstane sine og pengeinnsatsen for å få dei.

Skattedirektoratet har ikkje for tida opplysningar til å vurdere om det kan vere aktuelt å skattleggje inntekta frå "Entropia Universe" eller delar av denne som tilfeldig inntekt etter skattelova § 5-50 første ledd.

Valuta
Det er fast vekslingskurs mellom PED og USD. Det oppstår då ikkje valutagevinst eller tap ved veksling frå konto i spelet til USD.

Mellom NOK og USD kan det oppstå valutaelement. 
Valutagevinstar er som hovudregel skattepliktige. Valutatap gir som hovudregel rett til frådrag, jf. skattelova § 14-5 (5). Unnatak gjeld for gevinst og tap knytt til utanlandske betalingsmiddel til personleg bruk, til dømes på reiser i utlandet, jf. skattelova § 9-3 (1) bokstav b og § 9-4.

Skattlegging av formue
Den virtuelle valutaen PED kan vekslast til USD. Verdien av skattytaren sin konto i spelet er skattepliktig formue per 31.12 jf. skattelova kapittel 4.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.