Oppstartsperiode

  • Skriv ut

Personar som vil starte opp ny verksemd, oppfyller ikkje alltid desse vilkåra det første eller dei første åra etter oppstart. Det første året du blir handsama som næringsdrivande kan du få godkjent inntil dei 5 føregåande åra som oppstartsår for verksemda.

Visse vilkår må vere oppfylte for at ein økonomisk aktivitet skal bli rekna som skattepliktig verksemd og skattytaren skal få frådrag for dei reelle kostnadene sine:

Verksemda må:

  • bli drive for eiga rekning og risiko
  • ha eit visst omfang
  • vere eigna til å gå med overskot over tid.
  • ta sikte på å vare ei viss stund,

Frå det første året den økonomiske aktiviteten din blir rekna som skattepliktig verksemd, er alle inntektene dine frå verksemda skattepliktige og alle kostnader som er knytte til verksemda gir rett til frådrag. Eit eventuelt underskot i verksemda kjem til frådrag i anna skattepliktig inntekt.

Opptil fem års oppstartstid
Det året du blir vurdert som næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei 5 føregåande åra som oppstartsår for verksemda. Du vil i så fall kunne få endra likninga for desse åra, og få frådrag for dei reelle oppstartskostnadene.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.