Skatte- og avgiftsreglar for deg under 18 år

  • Skriv ut

Hovudregelen er at du må vere fylt 18 år for å registrere ei verksemd i Einingsregisteret og ev. Føretaksregisteret. 

Hovudregelen er også at mindreårige, dvs. personar under 18 år, ikkje kan drive avgiftspliktig verksemd.

Alder for å registrere verksemd i Einingsregisteret

Som hovudregel må du vere fylt 18 år for å registrere ei verksemd i Einingsregisteret og ev. Føretaksregisteret.

Mindreårige kan drive verksemd og registrere denne i Einingsregisteret frå og med fylte 15 år. Føresetnaden er at dei får samtykke frå verje og fylkesmann. Sjå meir om dette i verjemålslova.

Alder for å registrere verksemd i Meirverdiavgiftsregisteret

Hovudregelen etter gjeldande avgiftsrett er at mindreårige, dvs. personar under 18 år, ikkje kan drive avgiftspliktig verksemd. Mindreårige kan difor heller ikkje registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret.

Det er i praksis opna for registrering dersom verja samtykkjer til at den mindreårige kan drive næringsverksemd. Registrering i Meirverdiavgiftsregisteret må i så fall skje ved at verja registrerer seg i sitt namn på vegner av den mindreårige.

Alder har noko å seie for kven som skal betale skatt av formue og inntekt

  • Frå og med det året du fyller 13 år, skal du sjølv oppgi og skatte for lønn frå tilsetjingsforhold.
  • Er du 16 år eller yngre, skal foreldra oppgi formuen og inntekta di (unnateke lønn frå tilsetjingsforhold), til skattlegging.
  • Frå og med det året du fyller 17 år, skal du sjølv oppgi all formue og inntekt til skattlegging i skattemeldinga di.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.