Vanlege spørsmål om blogging

  • Skriv ut

Når blir blogging rekna som hobby?

Blogging blir rekna som hobby når den er av ikkje-økonomisk karakter, altså at den ikkje gir overskot eller økonomiske fordelar. Inntekter av hobbyverksemd er ikkje skattepliktige, og du får heller ikkje frådrag for kostnader til slik aktivitet. Du skal likevel opplyse om eventuelle inntekter på sjølvmeldinga. Sjå definisjonen av hobby/næring, eller ta kontakt med næraste skattekontor for å få fleire opplysningar.

Når blir blogging rekna som næringsverksemd?

Blogging blir rekna som næringsverksemd dersom den

  • bli drive for eiga rekning og risiko
  • tek sikte på å vare ei viss stund og har eit visst omfang, og
  • er eigna til å gi overskot.

Det er i praksis ikkje sett strenge krav til varigheit og omfang, slik at det viktigaste kriteriet er om aktiviteten er eigna til å gi overskot. Overskotet må dekkje ei rimeleg forrenting av det du har investert for å drive aktiviteten, og kunne forventast å gi ei rimeleg lønn sett i høve til den innsatsen du har lagt ned.

Dersom blogginga blir rekna som verksemd, blir alle inntekter frå bloggen rekna som næringsinntekt.

Kva for inntekter må eg betale skatt og/eller meirverdiavgift av?

  • Alle pengar og sponsa produkt med økonomisk verdi som du får på grunnlag av salsblogg, nettbutikk, produktomtale, affiliate, oppdrag og liknande, som har å gjere med bloggverksemda.
  • Alle pengar du får på grunnlag av annonsar, reklame og liknande.
  • Gratis eller rabatterte produkt/gåver med økonomisk verdi, som til dømes sminke, hår- og hudpleieprodukt, bøker, klede, reiser, spel, teknologisk utstyr, barneutstyr m.m. Dette skal inntektsførast til omsetningsverdi (ev. omsetningsverdi der det beløpet du har betalt for vara er trekt frå).

Eg skriv ein blogg og tek imot ein del gåver. Nokon av desse er ting eg ikkje har bedt om og som eg kastar. Må eg skatte av desse?

For å unngå skattlegging, må du lage eit internt bilag der du oppgir kva som er kasta. Bilaget må du datere og skrive under på.

Kva kan eg få frådrag for når eg driv blogg som næringsverksemd?

Skattemessig: Du kan få frådrag for kostnader relatert til verksemda. Dette kan til dømes vere PC, telefonutgifter, internettutgifter, fotoutstyr osv.

Meirverdiavgift: Du kan berre krevje frådrag for inngåande meirverdiavgift dersom du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Når du er registrert der, kan du krevje frådrag for meirverdiavgift på kostnader som relaterer seg til bloggen (sjå døme under skattemessig).

Blir eg meirverdiavgiftspliktig når eg skriv blogg?

Når inntekter/gåver frå bloggen overstig kr 50 000 i løpet av ein 12-månadersperiode, skal du registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret. For å bli registrert, må du sende ein søknad. Då har du rett på frådrag for meirverdiavgift på kostnader du har i samband med bloggen.

Har eg plikt til å føre rekneskap når eg driv blogg som næringsverksemd?

Alle som driv næringsverksemd er bokføringspliktige og må føre rekneskap. Dersom du har under 300 bilag i året, kan du føre rekneskap i eit rekneark. Reknearket må vere oversiktleg og lett kontrollerbart.

Dersom du har over 300 bilag i året, har du full bokføringsplikt. Les meir i bokføringslova.

Kva må eg hugse på når blogginga blir rekna som næringsverksemd?

  • Du må registrere deg som næringsdrivande i Einingsregisteret. Bruk samordna registermelding. Etter at registreringa er i orden, blir du tildelt eit organisasjonsnummer.
  • Ta vare på all dokumentasjon som gjeld inntekter og kostnader.
  • Det kan vere ein fordel å opprette ein eigen (drifts)konto i banken, slik at det blir lettare å halde kontroll på kva som høyrer til bloggverksemda og kva som er privat.
  • Når du startar verksemd og denne går med overskot, må du betale forskotsskatt av forventa inntekt.
  • Når omsetninga di har passert kr 50 000 i løpet av ein 12-månadersperiode, må du registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret
  • Ver merksam på at du ikkje kan fakturere med meirverdiavgift før verksemda di er blitt registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
  • Er det noko du lurer på kan du ta kontakt med skattekontoret der du bur.

Eg har ein blogg / ei nettside på ein utanlandsk server, er eg skattepliktig til Noreg eller til landet der serveren ligg?

Kvar bloggen/nettsida er fysisk plassert, har ikkje noko å seie for skatte- og avgiftsreglane. Skatte- og avgiftsplikta blir avgjort av kva for land bloggen/nettsida blir drive frå. Det vil seie at om bloggen/nettsida er lokalisert i utlandet, men blir drive frå Noreg, skal ein følgje norske skatte- og avgiftsreglar.

Eg er registrert med eit affiliate-program. Må eg skatte av denne inntekta?

På lik linje med andre inntekter blir affiliate-inntekter tekne med i vurderinga av om du driv hobby eller næring. Som næringsdrivande er du skattepliktig for affiliate-inntektene. Sjå definisjonen av hobby/næring.

(Affiliate marketing er ei form for marknadsføring der ei nettbasert forretning gir vederlag ein eller fleire samarbeidspartnarar for besøkande eller kundar som blir formidla til forretninga. Til dømes kan ein som eig ei nettside eller ein blogg omtale eit produkt eller ein leverandør med ein lenkje til forretninga sin nettstad.)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.