Bank

  • Skriv ut

Ikkje bland næringsverksemda sin økonomi og privat økonomi. Det kan vere både kostbart og tidkrevjande å rydde opp når økonomien til verksemda og privatøkonomien din er blanda saman.

Eit systematisk skilje er svært viktig i det daglege arbeidet.

Eigen konto for verksemda

Når du har teke imot firmaattest eller registerutskrift frå Brønnøysundregistera bør du opprette ein eigen bankkonto for næringsverksemda. Betal alle utgifter i næringa med midlar frå næringsverksemda. Ikkje bruk den private kontoen din.

Privatuttak 1-2 gonger i månaden

Ta ut pengar frå verksemda til privat bruk i større beløp ein til to gonger i månaden. Lag eit skriftleg notat på korleis dette skal gjerast. Er verksemda organisert som aksjeselskap skal du ta ut pengar som lønn. Dette bør skje ut ifrå ein skriftleg arbeidsavtale.

Lag bilag

Syt for å lage bilag på eigne uttak og innskot i næringsverksemda. Slike interne bilag skal innehalde dei same minimumsopplysningane som anna dokumentasjon, ein skal til dømes oppgi partane, beløp, mengde og datoar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.