Melding til Einingsregisteret og Aa-registeret

  • Skriv ut

Når du tilset nokon i verksemda di, blir du arbeidsgivar. Som arbeidsgivar skal du sende inn melding til Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret, ofte forkorta til Aa-registeret.

Arbeidsgivarane rapporterer til registeret via a-ordninga.

Er du arbeidsgivar skal du registrere deg i Einingsregisteret. Du kan registrere deg gjennom Altinn eller på ein papirblankett (Samordna registermelding, BR-1010) som du sender til Einingsregisteret. Nærare opplysningar får du hjå Brønnøysundregistera

Arbeidsgivarar har òg plikt til å melde frå til Einingsregisteret dersom det skjer endringar som vedkjem foretaket. Dette kan vere endringar av føretaksnamn, adresser, personar med signeringsrett eller styremedlemmer. 

A-ordninga er ei digital, samordna innrapportering av inntekts- og arbeidsforhold og skattetrekksopplysningar frå opplysningspliktige (primært arbeidsgivarar) til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten. Arbeidsgivaren pliktar å sende melding om arbeidstakarane til Aa-registeret. Alle opplysningar til Aa-registeret skal rapporterast i a-ordninga. Det er ingen andre rapporteringsmåtar til Aa-registeret. Det er NAV som forvaltar Aa-registeret.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.