Aksjeselskap

  • Skriv ut

Startar du eit aksjeselskap må du skyte inn aksjekapital, og beløpet skal minimum vere 30 000 kroner. Beløpet er 30 000 kroner også om de er fleire aksjonærar. Aksjekapitalen kan bestå av kontantinnskot eller formuesobjekt.

Du og dei andre deltakarane i eit aksjeselskap har ikkje eit personleg ansvar for selskapet sine forpliktingar. Selskapet blir rekna som ei sjølvstendig (juridisk) eining, og selskapet må òg betale skatt av eit eventuelt overskot.

Registrere selskapet

Når du etablerer eit aksjeselskap må du registrere selskapet i Føretaksregisteret. Når selskapet er registrert, får det eit organisasjonsnummer. Organisasjonsnummeret brukar du ved all kontakt med det offentlege, bankar, levering av anbod, bestilling av varer og liknande.

Du risikerer tap

Som aksjonær kan du i utgangspunktet risikere å tape det du har skote inn i aksjeselskapet (aksjekapitalen). I praksis kan bankane krevje at du stiller eigedelar i pant for lån til selskapet. Du kan då tape meir enn berre aksjekapitalen. Dei andre kreditorane til selskapet kan berre gå til selskapet med krava sine.

Revisorplikt?

Mindre aksjeselskap er ikkje forplikta til å ha revisor. For å finne ut om dette gjeld deg og selskapet ditt, kan du lese Ei lovendring i 2011 fører til at mindre aksjeselskap kan velje bort revisjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.