Ansvarleg selskap (ANS)

  • Skriv ut

Eit ansvarleg selskap (ANS) er ei selskapsform der to eller fleire eigarar (samla eller kvar for seg), har eit uavgrensa personleg ansvar for gjelda til verksemda.

Fordelinga av ansvar mellom deltakarane kan vere delt ansvar (DA) eller solidarisk ansvar (ANS).

Ved ein eventuell konkurs står deltakarane (eigarane) personleg ansvarlege for at gjeld blir betalt. Alle forhold som dreiar seg om å starte opp, tre ut eller avvikle ansvarlege selskap blir regulerte i selskapslova.

Ansvarlege selskap blir ikkje skattlagde som ei eiga eining, det er deltakarane (eigarane) av selskapet som er ansvarlege for å betale inn selskapet sin skatt.

Deltakarane må sjølve syte for å fastsetje forskotsskatt på grunnlag av kvar einskild sin part i overskot, uttak av arbeidsgodtgjersle og eventuelle andre utdelingar frå selskapet.

  • Skjema RF-1102 skal nyttast til søknad om å få endra forskotsskatten. 
  • Inntekt frå både næringa og personlege inntekter/frådrag skal takast med
  • Budsjettert underskot i næring blir ikkje teke med på skattekortet. Det endelege underskotet skal takast med i sjølvmeldinga.
  • Innbetalinga skjer 4 gonger per år.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.