Enkeltpersonføretak

  • Skriv ut

Enkeltpersonføretak er ei organisasjonsform der éin person har ansvar for næringsverksemda. Du driv for eiga rekning og risiko, og dette inneber fullt økonomisk ansvar for gjeld og forpliktingar.

Startar du eit enkeltpersonføretak må du registrere føretaket i Einingsregisteret. 

I rolla som eigar bestemmer du alt i føretaket, og det er ikkje gitt særskilde reglar eller ei eiga lov om enkeltpersonføretak. Eigne krav gjeld dersom verksemda har meir enn 30 tilsette.

Skattemessig blir enkeltpersonføretak likna saman med eigaren personleg. Det vil seie at overskotet er skattepliktig (eller underskot frådragsgivande) saman med dei andre inntektene til eigaren, til dømes lønn.

Registrerer du eit enkeltpersonføretak må du:


Vurderer du å starte enkeltpersonføretak, bør du lese meir om registrering.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.