Ideelle, frivillige, lag og stiftingar

  • Skriv ut

Frivillige, ideelle institusjonar og organisasjonar er fritekne for skatt på dei inntektene som følgjer av gjennomføringa av det ideelle føremålet deira.

Skattefritaket gjeld både stiftingar, foreiningar og lag på alle ideelle område (idrett, kultur, livssyn, hobby, humanitær verksemd o.a.). Inntekt frå andre aktivitetar i organisasjonen kan likevel vere skattepliktig inntekt.

Skattefritak for skattefrie organisasjonar inneber ikkje fritak for ansvar og plikter som arbeidsgivar. Dersom den skattefrie organisasjonen har tilsette, eller betaler honorar eller godtgjersle til styremedlemmer, har han dei same pliktene som andre arbeidsgivarar.

Du finn meir under Skatt for frivillige og ideelle organisasjonar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.