Samvirkeføretak

  • Skriv ut

Eit samvirkeføretak (SA) er ei samanslutning som har til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmene ved at dei kjøper eller tilbyr verksemda sine varer eller tenester.

Avkastinga til verksemda, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, blir anten ståande i verksemda eller fordelt blant medlemmene på grunnlag av parten deira i omsetninga. Døme på samvirkeføretak: Coop, TINE, Nortura og Felleskjøpet.

Ingen av medlemmene ber personleg ansvar for forpliktingane til føretaket.

Samvirkelova stiller krav til kva stiftingsdokumentet og vedtektene minst skal innehalde. Eit samvirkeføretak må alltid stiftast av minst to personar og skal alltid ha minst to medlemmer. Både fysiske og juridiske personar kan vere stiftarar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.