Indre selskap – tildeling av internt ID-nummer

  • Skriv ut

Selskap med deltakarfastsetting (SDF) er ei fellesnemning for selskap som kjem inn under deltakarfastsetting etter nettometoden. Under denne fellesnemninga fell òg selskap som er nemnde i selskapslova § 1-2, c Indre Selskap (IS). Indre selskap skal ikkje registrerast i Einings- eller Føretaksregisteret og blir difor ikkje identifiserte med eit vanleg organisasjonsnummer. Indre selskap har likevel – på same måte som andre SDF – plikt til å levere selskapsmelding og deltakarmeldingar til skattestyresmaktene – jf. skatteforvaltingslova § 8-9. Selskapa må difor registrerast i registeret/manntalet til skatteetaten. I dette registeret blir selskapa tildelt eit internt identifikasjonsnummer. Dette nummeret kan ein òg nytte ved elektronisk melding i Altinn. Dersom Altinn-roller for indre selskap blir endra, må dette òg meldast inn til Skatteetaten på denne måten. Desse rollene blir ikkje oppdaterte på grunnlag av selskapsmelding e.l.

Nystifta IS må ta kontakt med skatteetaten for å bli registrert med slike ID-nummer. For å unngå tekniske problem når ein skal levere meldingar er det viktig at selskapet syter for å få tildelt ID-nummer så snart som mogeleg etter stiftinga og i god tid før innleveringsfristen.

For å registrere selskapet og tildele ID-nummer treng skatteetaten denne informasjonen:

  • Namnet på selskapet
  • Stiftingsdato
  • Bransje
  • Føremålet med verksemda
  • Postadressa til verksemda
  • Kontorkommune
  • Hovudmann – namn og person-/organisasjonsnummer
  • Forretningsførar – namn og person-/organisasjonsnummer
  • Revisor – namn og person-/organisasjonsnummer
  • Dagleg leiar – namn og personnummer

Selskap – i heile landet – kan sende opplysningar til – og ta imot ev. nærare informasjon frå – Skatteetaten fastsetting SDF. 

Send oss e-post via Altinn

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.