Kva er eit selskap med deltakarfastsetting?

  • Skriv ut

Deltakar i selskap med deltakarfastsetting skal skattleggjast for sin del av verksemda sitt overskot, ev. underskot og netto formue.

Når to eller fleire sjølvstendig skattepliktige einingar (skattesubjekt) driv inntektsgivande aktivitet og/eller eig formuesobjekt saman, er ansvarsforma utetter vanlegvis avgjerande for om ein skal gjennomføre selskapsfastsetting. Dette gjeld òg om til dømes fleire aksjeselskap driv ein inntektsgivande aktivitet saman.

Dersom den felles aktiviteten eller eigarforholdet ikkje er organisert som eit selskap som er eige skattesubjekt, skal formue og inntekt skattleggjast hjå deltakarane. Ein skal då gjennomføre deltakarfastsetting etter nettometoden. Dette gjeld sjølv om fellesskapet ikkje er registrert i Føretaksregisteret som selskap. Dersom det ikkje blir drive verksemd, er den felles aktiviteten eller eigarforholdet eit ordinært sameige.

Selskapet er som hovudregel ikkje eit eige skattesubjekt dersom det oppfyller eit av desse kriteria av:

  • minst ein av deltakarane utetter heftar personleg og uavgrensa for dei samla forpliktingane til selskapet
  • to eller fleire av deltakarane utetter heftar personleg og uavgrensa for delar som til saman utgjer dei samla forpliktingane til selskapet

 Formuen og inntekta til selskapet blir skattlagt hjå deltakarane ( deltakarfastsetting).


Deltakarfastsetting etter nettometoden inneber at selskapet sin nettoformue og alminnelege inntekt blir fastsett hjå selskapet som om det var skattytar. Deretter blir nettoresultatet fordelt på deltakarane og skattlagt hjå dei. Deler ein ut (ved vederlagsfri overføring) til ein personleg deltakar i selskap med deltakarfastsetting, skal ein dessutan berekne eit tillegg i alminneleg inntekt hjå deltakaren. Dersom ein deler ut til skattesubjekt som kjem inn under fritaksmetoden, skal 3 % av utdelinga skattleggjast. Sjå meir om dette under emnet "Fritaksmetoden".

Sameige som ikkje driv verksemd, skal ein alltid deltakarfastsetje etter bruttometoden, sjå emnet "Sameige – likning etter bruttometoden".
Bustadselskap der inntekta blir fastsett etter sktl. § 7-3, skal òg deltakarfastsetjast sjølv om alle deltakarane har avgrensa ansvar, sjå emnet "Bustad – bustadselskap o.a. og partshavarane".

Mer om deltakerliknende selskap

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.