Ungdomsbedrift

  • Skriv ut

Som deltakarar i elevbedrift, ungdomsbedrift eller studentbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap får elevane eller studentane innsikt i kva det vil seie å drive verdiskaping. Dei lærer òg om vilkåra i nærings- og arbeidslivet.

Elevbedrift – for deg på ungdomsskulen

Elevbedrift er ei enkel innføring i kva som krevst for å starte, drive og avvikle si eiga bedrift. Innføringa er delt i 5 fasar. Inga registreringsplikt dersom ein følgjer Ungt Entreprenørskap.

Ungdomsbedrift – for deg på vidaregåande

Elevane på vidaregåande kan starte ungdomsbedrift. Gjennom skuleåret blir bedrifta etablert, drifta og avvikla. Ungdomsbedrifter skal registrerast i Brønnøysundregistera via Ungt Entreprenørskap som ei eiga juridisk eining.

Studentbedrift – for deg på høgskule/universitet

Studentbedrift gir studentar kunnskap om bedriftsetablering gjennom eit år med oppstart, drift og avvikling av eiga bedrift. Studentbedrifter skal registrerast i Brønnøysundregistera som ei eiga juridisk eining, og i løpet av eit år må ein avvikle studentbedrifta og sende årsrapport til Ungt Entreprenørskap.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.