Om Oljeskattekontoret og petroleumsskattesystemet

  • Skriv ut

Oljeskattekontoret er ansvarleg for å skattleggje norske og internasjonale selskap som driv leiting etter og utvinning av olje og gass på norsk sokkel.

Før 1. juli 2015 var det Oljeskattenemnda som fastsette skattegrunnlaget for petroleumsselskapa med verksemd på norsk sokkel. Oljeskattekontoret var saksførebuande organ. Stortinget vedtok 19. juni 2015 at Oljeskattekontoret frå og med 1. juli 2015 skal ha vedtaksmyndigheit i første instans. Oljeskattenemnda opphøyrde frå same dato.

Fastsetting av skattegrunnlaget

Kvart år får Oljeskattekontoret inn skattemeldinga for alle oppstraumsselskapa på norsk sokkel. Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april året etter inntektsåret. Skatteoppgjeret blir offentleggjort på hausten, og seinast 1. desember. Kontoret går gjennom skattemeldingane, hentar inn tilleggsopplysningar og vurderer om eigenfastsettinga skal leggjast til grunn eller endrast.

Kontoret fastset skattegrunnlaget for kvart einskild selskap. Alle endringar av skattytaren si eigenfastsetting blir grunngitt i eigne vedtak, som blir sendt til skattytaren saman med melding om skatteoppgjer.

Endringssaker

Av og til avdekkjer ein forhold som gjeld tidlegare inntektsår. Endringssaker blir avgjorde ved skriftlege vedtak av kontoret.

Ekstern kontroll

Enkelte problemstillingar kan vere vanskelege å avklare gjennom telefonkontakt og skriftleg korrespondanse. I slike tilfelle kan ein gjennomføre ein kontroll hjå eller eit møte med selskapa for å skaffe informasjonen kontoret treng. Ekstern kontroll går føre seg i bedrifta sine lokale og kan vare i éin eller fleire dagar. Dette gjer det mogeleg å gå gjennom store mengder dokumentasjon og gå djupt inn i problemstillingar.

Klagesaker

Dersom eit selskap klagar på fastsettinga av skattegrunnlaget eller eit endringsvedtak, utarbeider kontoret eit notat til Klagenemnda med ei vurdering av om ein skal endre vedtaket som følgje av klaga. I klagenotatet skildrar ein det faktiske forholdet, fastsettinga av skatteoppgjeret, klaga og kontoret sitt syn på selskapet sine opplysningar i klaga. Klagaren får høve til å kome med merknader til kontoret si framstilling før klaga blir fremja for handsaming i Klagenemnda. Når nemnda har vurdert saka, utarbeider kontoret eit utkast til vedtak i klagesak.

Rettssaker

Dersom eit selskap ikkje aksepterer Klagenemnda sine avgjerder, blir saka bringa inn for rettssystemet. Dette skjer særleg i saker knytt til prinsipielle spørsmål og saker som involverer store pengebeløp. Sakene går gjennom rettssystemet på vanleg måte. Regjeringsadvokaten fører sakene på vegner av staten, men kontoret hjelper til med å utarbeide prosesskriv og anna. Det er hovudsakleg Juridisk-/administrativ avdeling som har ansvar for denne delen av kontoret sitt arbeid. I somme tilfelle kan det ta fleire år før ei sak er endeleg avgjort. Oljeskattekontoret har til kvar tid fleire saker som står for domstolane.

Gjensidige internprisingsavtalar (MAP/APA)

Kontoret jobbar med mange saker som gjeld prising av transaksjonar mellom selskap i fleirnasjonale konsern (internprising). Dersom eit norsk utvinningsselskap ber om at MAP blir sett i verk, er det Oljeskattekontoret som førebur saka i samarbeid med MAP-eininga (Avdeling for gjensidige internprisavtalar) i Sentralskattekontoret for storbedrifter. Finansdepartementet har avgjerdsmyndigheit og tek del i forhandlingane.  

Førehandsfråsegner

Selskapa kan be Oljeskattekontoret om ei førehandsfråsegn om dei skattemessige verknadene av ein disposisjon som blir planlagt. Det finst mellom anna ei ordning der selskapa kan be om førehandsfråsegn om kva pris som blir lagt til grunn ved fastsetting av skattegrunnlaget når ein sel gass til eit relatert selskap.

Utvikling og fortolking av regelverk

Kontoret yter fagleg bistand i saker der ein vurderer endringar i lover og forskrifter knytte til petroleumsskattlegging. I somme tilfelle gir kontoret formelle høyringsfråsegner, medan det andre gonger dreiar seg om meir uformelle innspel og vurderingar. Ofte er det nødvendig å gjere berekningar for å undersøkje effekten av ulike typar endringar i lovverket, og i slike tilfelle er det gjerne Oljeskattekontoret som sit med det relevante talmaterialet og kompetansen. Det hender òg at kontoret sjølv tek opp spørsmål om lovendringar. Også når det gjeld fortolking av eksisterande lovverk blir Oljeskattekontoret konsultert.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.