Faglege problemstillingar

  • Skriv ut

Mange av dei faglege problemområda kontoret jobbar med har samanheng med skilnader i skattenivå. Verksemd som fell inn under sokkelskattlegging har ein marginal skattesats på 78 prosent (25 prosent selskapsskatt pluss 53 prosent særskatt for inntektsåret 2016), medan overskot frå landverksemd blir belasta med 25 prosent skatt. I utlandet kan satsen vere endå lågare. Skattesystemet gir dermed insentiv til å få mest mogeleg av inntektene skattlagde i landskatteregimet eller i utlandet og flest mogeleg av kostnadene frådragsførte i sokkelskatteregimet.

Kva for område som er underlagde kontroll er avhengig av kva ressursar kontoret til kvar tid har og kva for prioriteringar ein må gjere. Nedanfor finn du døme på kontrollområde.

Internprising

Den store skilnaden i skattesatsen mellom sokkel og land/utland fører til mange problemstillingar knytt til internprising. Dei fleste oljeselskapa er del av store multinasjonale konsern, og mange internprisingssaker gjeld spørsmålet om det norske selskapet er belasta med utgifter som er høgare enn marknadsvilkåra.

Mange av dei store selskapa har eigne forsikringsselskap (captives) som forsikrar alle aktivitetane til selskapet. Oljeskattestyresmaktene har i fleire tilfelle konkludert med at internprisane som blir nytta i slike transaksjonar ikkje er armlengdemessige. Resultatet er at selskapa får redusert det skattemessige frådraget for forsikringspremiar.

Eit utanlandsk selskap har då eit skattemessig insentiv til å belaste eit norsk dotterselskap med høgare renter enn det som er marknadsmessig. Kontoret vurderer difor vilkåra norske selskap oppnår når dei tek opp lån frå relaterte selskap. I tillegg vurderer kontoret ei rekkje andre forhold knytt til interne lån og kapitaloverføringar i høve til norske og internasjonale skattereglar.

Morselskap eller andre selskap i eit konsern kan utføre tenester av ulik art som kjem fleire selskap i konsernet til gode. Kostnader til slike tenester som ikkje kan reknast til eit bestemt selskap blir ofte fordelte på dei selskapa som nyt godt av tenesta. Kontoret kontrollerer at selskapet som er skattepliktig til Noreg ikkje får fordelt kostnader som er irrelevante for sokkelverksemda, og at fordelinga reflekterer nytten selskapet har hatt av tenestene

Like eins sel og kjøper relaterte selskap direkte tenester til og frå den norske verksemda, og det er kontoret si oppgåve å vurdere prisen på desse.

Selskapa sel ofte råolje til relaterte selskap. For å unngå internprisingsspørsmål knytt til oljesal fastset styresmaktene såkalla normprisar for kvart felt. Dette blir gjort av eit uavhengig organ, Petroleumsprisrådet. I skattemeldinga til selskapa blir bokførte salsinntekter erstatta med inntekter i samsvar med normprisar. For stadig fleire oljefelt blir det ikkje fastsett normprisar i startfasen av produksjonen. Gass utgjer ein vesentleg del av den samla petroleumsproduksjonen. Etter avviklinga av Gassforhandlingsutvalet i 2002 er ein stadig aukande del selt til relaterte selskap. Det blir ikkje fastsett normpris for gass og det kan vere komplisert og tidkrevjande å vurdere om sal skjer til marknadspris.

Fordeling sokkel/land

Ein del av oljeselskapa sine aktivitetar går føre seg både på sokkel og på land. I slike tilfelle må ein greie ut korleis inntekter og kostnader skal fordelast mellom dei to skatteregima. Det er ofte nødvendig å ha inngåande innsikt i kva verksemda dreiar seg om for å kunne vurdere om ho høyrer inn under sokkel- eller landregimet.

Oppfølging av overdragingar av partar i utvinningsløyve

Ein kan ikkje overdra partar i utvinningsløyve utan at Finansdepartementet har samtykt i dei skattemessige verknadene. Dette er regulert i petroleumsskattelova (petrsktl.) § 10. Samtykke kan ein gi i form av eit § 10-vedtak. Finansdepartementet fastsette 1. juli 2009 i tillegg ei forskrift for dei vanlegaste transaksjonstypane, slik at ein kunne erstatte søknad om samtykke med påfølgjande fastsetting av enkeltvedtak med å gjere greie for grunnen til transaksjonen.  Samtykke til å overdra partar i utvinningsløyve blir rekna som gitt dersom transaksjonen oppfyller krava i forskrifta, og informasjon om transaksjonen og overdragingsavtalen er send til Finansdepartementet og Oljeskattekontoret. I vedlegg til skattemeldinga må selskapa gi dei nødvendige opplysningane slik at kontoret kan gjennomføre dei nødvendige kontrollane knytt til overdragingane.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.