Organisering

  • Skriv ut

Oljeskattekontoret ligg administrativt under Skattedirektoratet, som igjen er underlagt Finansdepartementet.

Oljeskattekontoret og Finansdepartementet har ein direkte fagleg dialog om tolkinga og utviklinga av reglane som utgjer petroleumsskattesystemet.

Klagenemnda for petroleumsskatt har ei heilt uavhengig stilling.

Oljeskattekontoret

Oljeskattekontoret blir leia av oljeskattedirektøren, som er den øvste ansvarlege for kontoret sitt arbeid, både fagleg og administrativt. Kontoret har òg ein nestleiande direktør. Oljeskattekontoret er organisert med to avdelingar: Skatteøkonomisk avdeling og Juridisk-/administrativ avdeling, som kvar blir leia av ein avdelingsdirektør. Sakshandsamarane (økonomar og juristar) har eit omfattande tverrfagleg samarbeid. Juridisk avdeling har ein eigen seksjon for administrativt personale. Oljeskattekontoret fastset skattegrunnlaget for oljeselskapa som opererer på norsk sokkel, og gjer endringsvedtak knytt til fastsetting av skattegrunnlag for tidlegare år.

Klagenemnda for petroleumsskatt

Klagenemnda for petroleumsskatt har sju medlemmer med særskilde kvalifikasjonar innan jus, rekneskap og økonomi. Medlemmene blir oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år.

Klagenemnda handsamar alle klager knytte til Oljeskattekontoret si fastsetting av skattegrunnlag. Oljeskattekontoret førebur klagene, og utarbeider eit notat til Klagenemnda med ei vurdering av om ein skal endre vedtaket som følgje av klaga. Klagenemnda avgjer klagene ved skriftlege, grunngjevne vedtak. Dersom selskapa ikkje aksepterer Klagenemnda si avgjerd, blir saka bringa inn for rettssystemet.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.