1) Stifting av selskap

Faktumopplysningar: A er eineaksjonær i selskapet X. Det er ein aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Opplysningar frå fjoråret: Ingen opplysningar

Årets opplysningar:

Samla aksjekapital i selskapet: 100 000

Talet på aksjar: 1 000

Pålydande per aksje: 100

Innbetalt aksjekapital: 100 000

Overkurs: 10 000

Løysing:

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Stifting skal førast i post 9 på selskapet og i post 23 på aksjonærnivå. Overkursen skal registrerast i post 9 på selskapsnivå og leggjast til anskaffingskostnaden i post 23 på aksjonærnivå.

Særskilde merknader:

Det er her viktig å merkje seg at stiftinga skal førast både på selskaps- og aksjonærnivå. Finst det berre ein aksjeklasse i selskapet, skal denne registrerast som ordinære aksjar. Overkursen skal registrerast per aksje i post 9.

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve. 

Stifting – hovudskjema og underskjema