10) Likedelt partiell likvidasjon

Fakta:

Selskap X har to aksjonærar, A og B, med like mange aksjar i selskapet.

Begge aksjonærane skal løyse inn aksjar og då blir talet på aksjar og aksjekapitalen i selskapet halvert. Kvar aksjonær får utbetalt 100 000 kr (kr 2000 for kvar aksje som er løyst inn).

Selskap X før partiell likvidasjon:

Aksjekapital 200 000

Talet på aksjar 200

Pålydande 1000

Innbetalt aksjekapital 200 000

Selskap X etter partiell likvidasjon:

Aksjekapital 150 000

Talet på aksjar 150

Pålydande 1000

Innbetalt aksjekapital 150 000

Løysing:

Det blir gjennomført ei likedeling, og kvar aksjonær sit att med same eigardel som den dei hadde før aksjane blei innløyste. Ved utbetaling til aksjonærane skal utbetalingar som er større enn innbetalt kapital handsamast som utbytte.

For å kunne handtere dette rett må selskapet ha full oversikt over kor mykje som er innbetalt kapital. Ved likedeling utgjer vederlaget anten tilbakebetaling av innbetalt kapital, eller utbytte. I vårt døme har kvar av aksjonærane ein innbetalt kapital på kr 25 000 på sine innløyste aksjar. Utdelinga fører difor til at kvar av aksjonærane skal skattleggjast for utbytte for kr 75 000.

I post 11, ”Totalt vederlag / Utbetalt av innbetalt kapital” skal selskapet velje transaksjonstype ”likedelt partiell likvidasjon” og føre kr 50 000 som ”Utbetalt av innbetalt kapital”. Det same gjer ein på aksjonærnivå i post 25, men då med kr 25 000 for kvar aksjonær.

Utbetalt beløp som overstig det som er utbetalt av innbetalt kapital skal handsamast som utbytte og rapporterast som vanleg i post 8 på selskapsnivå og i post 21 på aksjonærnivå. I dømet vårt må det førast kr 150 000 i post 8 og 75 000 i post 25 på kvar av aksjonærane.

Særskilde merknader:

Partiell likvidasjon og utdeling av utbytte må registrerast med skilnad i tid, sjølv om det skjer på same tid.

For rett utfylling, sjå døme på ei utfylt aksjonærregisteroppgåve:

 RF-1086 Utfylling partiell likvidasjon likedeling. Hovudskjema og underskjema