11) Skeivdelt partiell likvidasjon

Selskap X før partiell likvidasjon: (Berre ordinære aksjar)

Aksjekapital: 1 000.000

Talet på aksjar: 1000

Pålydande: 1000

Selskap X etter partiell likvidasjon:

Aksjekapital: 500.000

Talet på aksjar: 500

Pålydande: 1000

Faktumopplysningar:

Selskap X har to aksjonærar, aksjonær A og aksjonær B, der begge eig 50 prosent kvar.

I midten av juni bestemmer styret at 500 aksjar skal løysast inn. For kvar aksje som blir løyst inn, blir det delt ut eit vederlag på kr 1000. Begge aksjonærane skal løyse inn aksjar, men etter innløysinga er eigarsitsen endra.

Aksjonær A løyser inn 100 aksjar, aksjonær B løyser inn 400 aksjar. For å avgjere om den partielle likvidasjonen skal rapporterast som likedeling eller skeivdeling, må ein sjå på eigardel før og etter den partielle likvidasjonen: 

Aksjonær A

Aksjonær B

Før likvidasjonen: 500

Før likvidasjonen: 500

Likviderer: - 100

Likviderer: - 400

Har att = 400

Har att = 100

I prosent av behaldninga:
400/500 * 100 % = 80 %

I prosent av behaldninga:
 100/500 * 100 % = 20 %

Aksjonær A har fått auka sin eigardel frå 50 % til 80 %, og aksjonær B har fått redusert sin eigardel frå 50 % til 20 %. Vi har då med ei skeivdeling å gjere. Dersom ein eller fleire aksjonærar i eit selskap har fått redusert eigardelen, så er regelen at alle aksjonærar som løyser inn aksjar, skal skattleggjast ved realisasjon.

Innrapportering på selskapsnivå, i post 11:

Hendingstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Tal sletta: 500
Tal etter: 500
Pålydande: 1 000
Overkurs sletta:
Samla vederlag: 500 000
Tidspunkt: Dato

I feltet ”samla vederlag / utbetalt innbetalt kapital” er det viktig å merkje seg at selskapet skal melde inn det samla vederlaget ved skeivdelt partiell likvidasjon. Det er fordi skeivdelt partiell likvidasjon skal handsamast som realisasjon.

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær A:

Transaksjonstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Tal avgang: 100
Samla vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 100 000
Tidspunkt: Dato

Innrapportering på aksjonærnivå, i post 25, aksjonær B:
Transaksjonstype: Skeivdelt partiell likvidasjon
Tal avgang: 400
Samla vederlag / utbetalt av innbetalt kapital: 400 000
Tidspunkt: Dato

 

For rett utfylling, sjå døme på rett utfylte aksjonærregisteroppgåver:

 RF-1086 Utfylling skeivdelt partiell likvidasjon. Hovudskjema og underskjema