12) Trekantfusjon, konsernfusjon med vederlagsaksjar i mor

Faktumopplysningar:

Selskap Mor X eig alle aksjane i Dotter. Aksjonær A eig alle aksjane i selskap Y. Selskap Y skal fusjonerast inn i Dotter (Z) og A får vederlagsaksjar i selskap Mor X.

Selskap Mor X før fusjonen:

Aksjekapital: 1 500 000

Innbetalt AK: 800 000

Talet på aksjar: 6 000

Pålydande: 250

Selskap Y før fisjonen:

Aksjekapital: 100 000

Innbetalt AK: 100 000

Talet på aksjar: 100

Pålydande: 1 000

Selskap Mor etter:

Aksjekapital: 1 600 000

Innbetalt AK: 900 000

Talet på aksjar: 6 400

Pålydande: 250

Løysing:

Aksjonærregisteroppgåva blir ikkje påverka for Dotter sin del. I Dotter er det ingen kapitalendringar eller endringar på aksjonærnivå.

Y (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold (selskapet er oppløyst) i selskapet på side 1 i AR-oppgåva. Selskapet må rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og oppgi org.nr for Dotter i feltet ”Org.nr til overt.selskap”. Felta til høgre for det nemnde feltet skal ikkje fyllast ut fordi det ikkje er Dotter som utferdar vederlagsaksjane (men Mor selskap X). I dei fire nedste felta i post 12 blir det gitt opplysningar om selskap Mor A (selskap X) (som ikkje er overtakande, men det selskapet som utferdar vederlagsaksjar). Vidare må selskapet rapportere talet på aksjar i avgang på aksjonær A i post 26, og ein må i den same posten gi opplysningar om Mor As org.nr, aksjeklasse og pålydande (ein skal her ikkje gi opplysningar om Dotter som er det overtakande selskapet, men opplysningar om Mor selskap X som faktisk utferdar vederlagsaksjar).

Mor X (selskap som utferdar vederlagsaksjar) må rapportere endra kapitalforhold i selskapet på side 1 i AR-oppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær X i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet F.

Merk! I post 10 i feltet ”Org.nr til overt. selskap” som er feltet nedst til venstre i posten, skal ein opplyse om org.nr. til det overdragande selskap Dotter. 

For rett utfylling, sjå døme på rett utfylte aksjonærregisteroppgåver: 

 RF-1086 Utfylling trekantfusjon