15) Omvendt Mor/datter-fusjon

Faktumopplysningar:

Selskap Mor før fusjonen
Aksjekapital: 200 000 
Talet på aksjar: 2
Pålydande: 100 000                                                  

Selskap Dotter før fusjonen:
Aksjekapital: 100 000 
Talet på aksjar: 100 
Pålydande: 1000

Faktumopplysningar:
Mor AS. Aksjekapital på 200 000 fordelt på to aksjar, kvar pålydande 100 000. (Skattemessig innbetalt kapital er kr 50 000 og fondsemitert 150 000). Aksjane blir ått med ein aksje kvar av A og B.

Det blir vedteke å fusjonere dei to selskapa med Dotter AS som overtakande selskap og Mor AS som overdragande, og aksjekapitalen i Dotter AS blir samtidig auka med 40 000 til 140 000 når ein skriv ut 40 nye aksjar. Mor AS blir sletta ved fusjonen.

Mor eig 100 aksjar pålydande 1000 (AK =100 000) i dotter. Mor blir innfusjonert i dotter.

Løysing:

Mor AS
Fusjonen blir registrert i Mor AS som ein ordinær avgangsfusjon i post 12/26 og med Dotter AS sitt org.nr som overtakande selskap. Talet på vederlag og pålydande i post 12 er talet på aksjar og pålydande i Dotter AS etter fusjonen.

Dotter AS
Fusjonen blir registrert som ein ordinær tilgangsfusjon i post 10/24 med 40 nyutskrivne aksjar og 140 aksjar etter fusjonen, og med Mor AS sitt org.nr som det overdragande selskapet. Her må ein òg registrere talet på aksjar som Mor AS åtte i Dotter AS før fusjonen som ”Kor mange eigne aksjar overf.” i post 10. Talet på innløyste og pålydande per innløyste aksje blir talet på aksjar og pålydande i Mor AS.

For Mor AS som aksjonær skal avgangen førast i post 25 som ”Avgang eigne fusjon/fisjon”

For aksjonærane i Mor AS, A og B, skal vederlaget, her 70 aksjar på kvar, førast som ”Fusjon ” i post 24 med Mor AS sitt org. nr. og med pålydande i Mor AS som pålydande for overdragande selskap

Selskap Dotter etter fusjonen:
Aksjekapital 140 000 
Talet på aksjar 140 
Pålydande 1000

Særskilde merknader:
I mange tilfelle blir det ikkje utferda nye aksjar i denne typen fusjonar. I desse tilfella skal ”Talet på nyutskrivne aksjar” i post 10 fyllast ut med 0, og Mor AS sine aksjar i Dotter AS skal fordelast på aksjonærane i Mor AS i det same forholdet som eigarposisjonen i Mor AS på tidspunktet for fusjonen.

 

For rett utfylling, sjå døme på rett utfylte aksjonærregisteroppgåver:

 Utfylling omvendt mor-datter fusjon