16) Nedsetjing av aksjekapital

Faktumopplysningar: A er eineaksjonær i selskapet X. Det er ein aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar.

Opplysningar frå fjoråret:

Samla aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000 
 

Årets opplysningar:
Samla aksjekapital i selskapet: 30 000
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 30
Innbetalt aksjekapital: 30 000

Løysing:
Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Endring av aksjekapitalen skal førast i post 1. Når du fører nedsetjinga av aksjekapital ved å skrive ned pålydande for aksjane, skal du føre nedsetjinga i postane 17 og 27.    

For rett utfylling, sjå døme på utfylte aksjonærregisteroppgåver:

 Utfylling av nedsetjing av aksjekapital. Hovudskjema og underskjema