17) Aksjonærlån

Faktumopplysningar:

Det er 1 aksjonær i selskapet Aksjonærlån AS. Det er ein aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet betaler ut kr 150 000 i aksjelån, kr 50 000 i ordinært utbytte og ettergir kr 50 000 av lånet. 

Opplysningar frå fjoråret:

Samla aksjekapital i selskapet: 100 000 (UB) 
Talet på aksjar: 100
Pålydande per aksje: 1 000
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar (UB):

Samla aksjekapital i selskapet: 100 000
Talet på aksjar: 100 
Pålydande per aksje: 1 000 
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Løysing:

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor. 

Nye reglar om aksjonærlån:

I statsbudsjettet 07.10.2015 er det bestemt at lån frå AS/ASA til personlege aksjonærar skal skattleggjast som utbytte etter aksjonærmodellen.

Denne endringa i regelverket vedkjem alle personlege aksjonærar og deira nærståande, som frå og med 07.10.2015 har inngått eit låneforhold med selskapet.

Reglane er tekne inn i skattelova § 10-11 femte og sjette ledd. Reglane gjeld for lån frå alle selskap i konsern, også der kor selskapet stiller sikring for aksjonæren sitt lån. I tilfelle der aksjonæren har eit eksisterande lån før 07.10.2015, og aukar lånebeløpet, skal auken handsamast som utbytte. Det same gjeld der selskapet har auka sikring frå og med 07.10.2015.

At aksjonæren blir skattlagd for utbytte for lånet har ikkje noko å seie for selskapet, lånet skal framleis førast som lån i rekneskapen til selskapet.

Det er ikkje eit krav om å rekne ut renter av lånet, slik at dersom det er renter på lånet, skal desse handsamast på ordinær måte. Frådrag hos aksjonær og renteinntekt hos selskap.

Tilbakebetaling av lånet:

  • Nedbetaling av lån som er skattlagt som utbytte skal handsamast som innskot av ny kapital i selskapet med verknad for inngangsverdi og skatteposisjonen innbetalt kapital
  • Heile eller delar av lånet kan gjerast opp ved at det blir motrekna mot eit seinare utbytte frå selskapet utan ytterlegare skattlegging.
  • Det er høve til å ettergi lånet utan ny skattlegging

Det vil kome unnatak frå skattlegging av aksjonærlån. Desse kjem i forskrift, og det er varsla at unnataka mellom anna skal gjelde for mindre beløp og for lån til tilsette i bankar o.a. Denne artikkelen blir oppdatert når unnataka er vedtekne. 

Følgjer for innrapportering i RF-1086

Det er lagt til eit nytt felt for nye hendingstypar i post 8 i:

  • Utbytte (Y)
  • Aksjonærlån (Z)

Tilsvarande er det lagt til eit nytt felt i motsvarande post 22:

  • Tilbakebetaling av tidlegare innbetalt kapital (kode 10)
  • Nedbetaling av aksjonærlån (AT)
  • Ettergiving av lån (ET)

Aksjonærlån skal no rapporterast som ei eiga hending i post 8 på selskapsnivå, og tilsvarande skal lånet rapporterast som utbytte i post 21 på aksjonærnivå.

Nedbetaling av lån som tidlegare er skattlagt som utbytte, skal handsamast som innskot av ny kapital på aksjonæren si hand. Det vil seie at beløpet som skal betalast tilbake (ev. fordelast), skal leggjast til inngangsverdien på aksjonæren sine aksjar, og rapporterast i post 22.

Ettergiving av lån skal òg førast i post 22, men dette verkar ikkje inn på inngangsverdien til aksjane.

Post 6 må korrigerast i samsvar med beløp som blir førte i post 22, med unnatak av ettergiving av aksjonærlån.

For rett utfylling, sjå døme på utfylte aksjonærregisteroppgåver:

 Aksjonærlån. Hovudskjema og underskjema