18) Deling mellom ektefellar ved skilsmisse

Faktumopplysningar:

I ekteskap er aksjar felleseige. Ved skilsmisse må aksjane fordelast pro rata, det vil seie at mottakaren skal ha ein viss del av kvart erverv.

Avgivar har 3 transaksjonar i selskap X:

1500 aksjar 15.05.2004, kr 50 per aksje
1000 aksjar 19.08.2009, kr 150 per aksje
500 aksjar 30.12.2014, kr 200 per aksje

Det blir avtalt at mottakaren skal få 1500 aksjar, altså 50 prosent av kvart erverv (1500/3000).

Mottakaren skal då ha:

750 aksjar 15.05.2004, kr 50 per aksje
500 aksjar 19.08.2009, kr 150 per aksje
250 aksjar 30.12.2014, kr 200 per aksje

Opplysningar frå fjoråret:

Samla aksjekapital i selskapet: 300 000(UB) 
Talet på aksjar: 3 000
Pålydande per aksje: 100

Årets opplysningar (UB):

Samla aksjekapital i selskapet: 300 000
Talet på aksjar: 3000
Pålydande per aksje: 100

Løysing:

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor. Avgivar registrerer i post 25, medan mottakaren registrerer i post 23. Det må vere like tidspunkt på avgivar og mottakar. Ingen andre registreringar er nødvendige.

Særskilde merknader:

Det er i utgangspunktet full kontinuitet på alle verdiar. Utbetalte utbytte på tidlegare år blir ståande på avgivar. Det gjeld også skjerminga som er nytta. Mottakaren får berre tildelt skjerming som ikkje er nytta. Utbytte som er utbetalt i skilsmisseåret, men etter at delinga av aksjane er gjennomført, skal delast mellom partane.

Dersom ektefellane eig aksjar i same selskap og ønskjer å fordele begge sine aksjepostar, må ein først overføre alle aksjane til den eine ektefellen. Når det er gjort kan dei fordele aksjane på nytt.

For rett utfylling, sjå døme på utfylte aksjonærregisteroppgåver:


 Deling mellom ektefellar ved skilsmisse. Hovudskjema.
 Deling mellom ektefellar ved skilsmisse. Underskjema.