19) Likvidasjon ved nyemisjon

Faktumopplysningar:

Det er fire aksjonærar i selskap X. Det er ein aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Det er vedteke å likvidere selskapet med ein påfølgjande nyemisjon. Etter nyemisjonen er det tre aksjonærar.

Opplysningar frå fjoråret:

Samla aksjekapital i selskapet: 100 000 (IB) 100 000 (UB) 
Talet på aksjar: 1 000 
Pålydande per aksje: 100
Innbetalt aksjekapital: 100 000

Årets opplysningar (UB):

Samla aksjekapital i selskapet: 300 000
Talet på aksjar: 3 000 
Pålydande per aksje: 100 
Innbetalt aksjekapital: 300 000

Løysing:

Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor. Den eine aksjonæren får endra eigardelen sin til 0 % i selskapet ved utgangen av året. Ein må difor registrere Partiell likvidasjon, Skeivdelt på han. Dei resterande 3 aksjonærane skal delta på nyemisjonen, og må difor registrere Partiell likvidasjon, Likedelt. Sjå utfylling av RF-1086 nedanfor.

Særskilde merknader:

Rekkjefølgja på dei partielle likvidasjonane er viktig. Den skeivdelte må gjennomførast før den likedelte.

For at selskapet ikkje skal reknast som likvidert, må nyemisjonen bli registrert på same dag som Partiell Likvidasjon likedelt.

Aksjonærane treng ikkje ha den same eigardelen etter nyemisjonen som dei hadde før partiell likvidasjon likedelt.

 

For rett utfylling, sjå døme på utfylte aksjonærregisteroppgåver:

 Likvidasjon og nyemisjon. Hovudskjema og underskjema