3) Bruk av post 22 - tilbakebetaling av tidlegare innbetalt eigenkapital

Faktumopplysningar:
A er eineaksjonær i selskapet X. Det er ein aksjeklasse i selskapet, ordinære aksjar. Selskapet har vedteke å betale tilbake kr. 500 000 av tidlegare innbetalt kapital.

Opplysningar frå fjoråret:
Samla aksjekapital i selskapet: 5 500 000 kr (IB) 5 000 000 (UB)
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 5 500 kr 
Innbetalt aksjekapital: 6 000 000 kr

I slutten av året blei det vedteke at 500 000 kr av aksjekapitalen skulle gjerast om til annan kapital. Dette reduserer selskapet sin samla aksjekapital og pålydande, men ikkje den innbetalte aksjekapitalen då det ikkje blir betalt noko tilbake til aksjonærane.

Årets opplysningar:
Samla aksjekapital i selskapet: 5 000 000 kr (redusert med 500 000 kr (fjoråret))
Talet på aksjar: 1 000
Pålydande per aksje: 5 000 kr (redusert med kr 500)
Innbetalt aksjekapital: 5 500 000 kr

Løysing:
Tala over skal fyllast inn som vist i vedlegget nedanfor.

Vidare skal vi sjå på sjølve løysinga av tilbakebetalinga til aksjonæren. Reduksjon av tilbakebetalt kapital skal førast direkte i selskapsoppgåva i post 5. Innbetalt kapital blir redusert med kr 500 000. På aksjonærnivå fyller ein inn i post 22. Sjå utfylling i vedlegget nedanfor.

Særskilde merknader:
Dersom selskapet betaler tilbake aksjekapital direkte til aksjonærane, utan å først gjere han om til annan eigenkapital, skal ein ikkje nytte post 22. Postane 1, 2 og 5 skal reduserast på selskapsnivå, og nedsetjinga av kapital skal førast på post 17 og på aksjonærnivå post 27.

Utdeling av den frie kapitalen i selskapet blir rekna som utbytte og skal førast i post 8 og post 21.

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve.

Tilbakebetaling av innbetalt eigenkapital. Hovudskjema og underskjema.