4) Deling av aksjeklassar

Faktumopplysningar:
Aksjonær A eig alle aksjane i selskap X. I selskap X er det berre éin aksjeklasse – ordinære aksjar. I fjor delte selskap X opp aksjane sine i 2 aksjeklassar – A-aksjar og B-aksjar.

Selskap X før aksjeklassane blir delte: (Berre ordinære aksjar)
Aksjekapital 200 000 
Talet på aksjar 4 000 
Pålydande 50

Selskap X etter at aksjeklassane er delte:

A-aksjar
Aksjekapital 50 000 
Talet på aksjar 1 000 
Pålydande 50

B-aksjar
Aksjekapital 150 000 
Talet på aksjar 3 000 
Pålydande 50

Løysing:
Selskap X må levere 3 aksjonærregisteroppgåver (leverer ein på papir må ein levere eit ekstra skjema, eitt for avgang av A-aksjar og eitt for avgang av B-aksjar). Ein må levere oppgåve for den ordinære aksjeklassen der det er avgangstransaksjonar på selskapsnivå og aksjonærnivå. Ein må òg levere aksjonærregisteroppgåve for aksjeklasse A og B der det vil vere tilgangstransaksjonar på selskapsnivå og aksjonærnivå.

Innrapportering frå ordinær aksjeklasse:
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i oppgåva. Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis per 31.12. 200 000. I post 12 må ein føre opp 2 slettingar (ein i kvart skjema dersom du leverer på papir). Til dømes slettar ein først dei aksjane som blir A-aksjar. Då fører ein 1000 i feltet ”Talet på sletta aksjar” og 3000 i feltet ”Kor mange aksjar etter”. Felta Pålydande, Tidspunkt og Hendingstype må fyllast ut. I feltet ”ISIN/Aksjeklasse” fører ein ”A-aksjar”.

Deretter slettar ein dei 3000 aksjane som blir til B-aksjar på same måte. Skilnaden her blir at ein i feltet ”Kor mange aksjar etter” fører opp 0. Klokkeslettet må vere ulikt frå A-aksjane.

Vidare må oppgåvene innehalde 2 avgangstransaksjonar på aksjonærnivå i post 26 på aksjonær A. I den eine transaksjonen skal 1000 aksjar førast i avgang og i feltet ”ISIN/Aksjeklasse for overt. selskap” skal A-aksjar førast med rett tidspunkt. I neste transaksjon skal 3000 aksjar førast i avgang og i feltet ”ISIN/Aksjeklasse for overt. selskap” skal ein føre opp B-aksjar med eit anna tidspunkt.

Innrapportering frå aksjeklassen A-aksjar:
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i oppgåva. Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis per 31.12. 200 000. Vidare må selskapet gjennom denne aksjeklassen rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 (her 1000) med tidspunktet og aksjar i tilgang (1000) på aksjonær A i post 24 med tidspunkt. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om at aksjane kjem frå ordinær aksjeklasse. Dette gjer ein ved å føre opp ”ordinære” i post 10 i feltet ISIN/Aksjeklasse. Det same fører ein i post 24 i feltet ”ISIN/Aksjeklasse for overt. selskap”.

Innrapportering frå aksjeklassen B-aksjar:
Endra kapitalforhold må rapporterast på side 1 i oppgåva. Hendinga skal ikkje verke inn på post 1 på side 1. Aksjekapitalen for heile selskapet er framleis per 31.12. 200 000. Vidare må selskapet gjennom denne aksjeklassen rapportere inn nyutskrivne aksjar i post 10 (her 3000) med tidspunktet og aksjar i tilgang (3000) på aksjonær A i post 24 med tidspunkt. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om at aksjane kjem frå ordinær aksjeklasse. Dette gjer ein ved å føre opp ”ordinære” i post 10 i feltet ISIN/Aksjeklasse. Det same fører ein i post 24 i feltet ”ISIN/Aksjeklasse for overt. selskap”.

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve

 Døme på utfylling: Deling av aksjeklassar