5) Fisjon ved innløysing av aksjar

Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskapet X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit nystifta overtakande selskap Y (verkeleg verdi =AK). Aksjonærane A og B skal eige kvar sin halvpart av selskapet Y. A og B løyser kvar inn 200 aksjar i X og begge tek imot 250 vederlagsaksjar kvar i Y.

Selskap X før fisjonen:
Aksjekapital 500 000 
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 500

Selskap X etter fisjonen:
Aksjekapital 300 000 
Talet på aksjar 600 
Pålydande 500

Selskap Y etter fisjonen:
Aksjekapital 200 000 
Talet på aksjar 500 
Pålydande 400

Løysing:
X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A og B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet Y.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonærane A og B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet.

For rett utfylling, sjå døme på rett utfylt aksjonærregisteroppgåve. 

 RF-1086 Fisjon ved innløysing av aksjar