6) Fisjon ved nedsetjing av pålydande

Faktumopplysningar:
Aksjonærane A og B eig kvar sin halvpart av selskapet X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit nystifta overtakande selskap Y.

(Verkeleg verdi =AK). Aksjonærane A og B skal eige kvar sin halvpart av selskapet Y. Selskap X skriv ned pålydande med 200 og får ny pålydande på 300. Selskap Y skriv ut 500 vederlagsaksjar pålydande 400.

Selskap X før fisjonen:
Aksjekapital 500 000 
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 500

Selskap X etter fisjonen:
Aksjekapital 300 000 
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 300

Selskap Y etter fisjonen:
Aksjekapital 200 000 
Talet på aksjar 500 
Pålydande 400

Løysing:
X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn nedsetjing av aksjekapital som følgje av at pålydande i post 18 er redusert. I post 18 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet B. Merk! På grunn av at talet på aksjar er det same før og etter fisjonen fører hendinga ikkje til at aksjonærane A og B må rapportere inn noko.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn dei nye kapitalforholda i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonærane A og B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet, org.nr ISIN og aksjeklasse.

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve. 

 RF-1086 Utfylling fisjon ved nedsetjing av pålydande