7) Fisjon-Fusjon (ved innløsning av aksjer i overdragende selskap og økning av pålydende i det overtakende)

Aksjonær A og B eig kvar sin halvpart av selskapet X. Overdragande selskap X skal fisjonere ut 40 prosent av verdiane sine til eit eksisterande overtakande selskap Y.

Aksjonærane A og B skal eige kvar sin halvpart av selskapet Y. A og B løyser kvar inn 200 aksjar i X og aukar pålydande med 200 i selskap Y.

Selskap X før fisjon-fusjonen:
Aksjekapital 500 000 
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 500

Selskap X etter fisjon-fusjonen:
Aksjekapital 500 000 
Talet på aksjar 600 
Pålydande 300

Selskap Y før fisjon-fusjonen:
Aksjekapital 500 000
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 500

Selskap Y etter fisjon-fusjonen:
Aksjekapital 700 000 
Talet på aksjar 1000 
Pålydande 700

X (overdragande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane til selskapet i post 12 og talet på aksjar i avgang (talet på innløyste aksjar) på aksjonær A og B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet Y.

Y (overtakande selskap) må rapportere inn endra kapitalforhold på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn auke av pålydane i post 15. Transaksjonstypen er ein auke av aksjekapital ved fisjon. Forhøging av AK, Auke av pålydande, dato og klokkeslett som svarar til avgangsaksjane i det overdragande selskapet X, pålydande etter, forhøging av overkurs (i dette tilfellet 0), overdragande org.nr, aksjeklasse.

I post 29 fører ein aksjonæren sin del av auken av kapitalen per aksje i samband med auke av pålydande ved fisjon-fusjon. Transaksjonstypen er fisjon ved auke av pålydande. Vidare oppgir ein auke av pålydande per aksje og tidspunktet for kapitalauken. Org. nr og aksjeklasse for overdragande selskap. Inngangsverdien til aksjen blir rekna som forhøgja med dei innbetalte beløpa.

Merk! Dersom det er A- og B-aksjar i begge selskapa, og aksjonærane ønskjer å la verdiane til A-aksjane i selskap X gå til A-aksjar i selskap Y, og tilsvarande for B-aksjane, er det viktig å skilje på klokkeslett slik at AR identifiserer korrekte aksjar.

Merk! I post 10 i feltet ”Innløyste aksjar” skal ein alltid føre talet på aksjar i Overtakande selskap når det er reduksjon av pålydande i det overdragande selskapet på tidspunktet for fisjonen. I post 10 i feltet ”Innløyste aksjar (pålydande per innløyst aksje)” skal ein alltid føre pålydande etter fisjonen – i vårt døme 300. I post 24 i feltet ”Pålydande for overd. selskap (per aksje)” skal ein alltid føre pålydande på aksjane i det overdragande selskapet etter fisjonen – i vårt døme 700.

For rett utfylling, sjå rett utfylt aksjonærregisteroppgåve

 RF-1086 Utfylling Fisjon-Fusjon