9) Ordinær opptaksfusjon

Faktumopplysningar:

A er aksjonær i selskapet X. B er aksjonær i selskapet Y. Ein fusjonerer selskap Y inn i selskap X og aksjonær B får vederlagsaksjar i selskap X. Verkeleg verdi =AK.

Selskap Y:

AK: 200 000

Innbetalt AK: 100 000

Talet på aksjar: 200

Pålydande: 1000

Selskap X:

AK: 400 000

Innbetalt AK: 200 000

Talet på aksjar: 400

Pålydande: 1000

Selskap X etter fisjonen:

AK: 600 000

Talet på aksjar: 600

Pålydande: 1 000

Ved innfusjoneringa aukar X sin AK med 200 000 til 600 000 og det blir utferda 200 vederlagsaksjar pålydande 1000 i selskap X.

Selskap X (etter fusjonen): AK 600.000, Innbetalt AK 300.000, Talet på aksjar 600, Pålydande 1000.

Løysing:

Y (overdragande selskap) må rapportere endra kapitalforhold i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva (Y blir oppløyst i samband med fusjonen). Vidare må selskapet rapportere inn dei sletta aksjane i selskapet i post 12 og avgang på aksjonær B i post 26. I både post 12 og 26 må ein gi opplysningar om det overtakande selskapet X.

X (overtakande selskap) må rapportere endra kapitalforhold i selskapet på side 1 i aksjonærregisteroppgåva. Vidare må selskapet rapportere inn dei nyutskrivne aksjane i post 10 og aksjar i tilgang på aksjonær B i post 24. I både post 10 og 24 må ein gi opplysningar om det overdragande selskapet Y.

For aksjonær A fører hendinga ikkje til nokon endringar som må rapporterast.

For rett utfylling, sjå utfylte aksjonærregisteroppgåver: 

 RF-1086 Utfylling ordinær opptaksfusjon