Familiebarnehagar som er eigde av private organisasjonar, foreldrelag eller liknande, med tilsette assistentar eller ein tilsett barnehagelærar (førskulelærar)

Skattefri eller skattepliktig organisasjon

Ein familiebarnehage som har erverv som føremål, er ein skattepliktig organisasjon. I spesielle tilfelle der organisasjonen/institusjonen som driv familiebarnehagen, ikkje har som føremål å gå med overskot, men driv på ideelt grunnlag, kan han etter ei konkret vurdering bli rekna som skattefri organisasjon. Slike barnehagar blir ikkje skattepliktige for dei inntektene dei måtte ha knytte til barnehagedrifta. Nærmare opplysningar finn du i brosjyren Skatt for ideelle organisasjoner.

Rekneskapsbasert fastsetting

For ein familiebarnehage som er eigd av ein privat organisasjon, eit foreldrelag e.l., må rekneskapstallene leggjes til grunn ved fastsettinga av inntektsgrunnlaget dersom vilkåra for å bli handsama som ein skattefri organisasjon ikkje er oppfylte. Dette fører til at det blir gitt frådrag for faktiske og dokumenterte kostnader, og at du ikkje kan velje standardfrådrag. Familiebarnehagen må føre rekneskap etter bokføringslova og ta vare på bilag for dei kostnadene han har hatt. Barnehagen må levere Næringsoppgåve 1 (RF-1175) saman med skattemeldinga for formues- og inntektsskatt - personlig næringsdrivande o.a. (RF-1030).

Fristen for å leverer skattemeldinga via Altinn, er 31. mai året etter inntektsåret. 

Frådrag for kostnader

Familiebarnehagen får frådrag for alle kostnader som heng saman med drifta, t.d. lønnskostnader, feriepengar, arbeidsgivaravgift, kompensasjon til vertsheimen eller husleige, leiker, mat, museumsbesøk, teiknepapir og liknande.

Familiebarnehagen får ikkje frådrag for slitasje på eigedelar, t.d. møblar og leiker som tilhøyrer den familien barnehagen leiger lokale av. Dersom familiebarnehagen sjølv eig gjenstandar som hovudsakleg blir brukte i drifta av barnehagen, får barnehagen frådrag etter alminnelege reglar om frådrag. Kostar gjenstanden 15 000 kroner eller meir og har ei brukstid på minst tre år, blir det gitt frådrag etter reglane om avskriving. Kostar gjenstanden mindre eller har kortare brukstid, kan familiebarnehagen trekkje frå kostprisen det året gjenstanden blir kjøpt.

Kompensasjon til vertsheimen 

Dersom ingen frå vertsheimen deltek aktivt i drifta av familiebarnehagen, dvs. ikkje utfører arbeid i tilknyting til barnehagen som administrasjon og arbeidsgivaransvar, blir kompensasjonen til vertsheimen handsama som leigeinntekt for huseigaren.

Sjå brosjyren Skatt ved utleige av bustad og fritidseigedom om fritaksbehandling eller skatteplikt for slik leigeinntekt.