For deg som driv familiebarnehage som sjølvstendig næringsverksemd i din eigen heim

Frådragsreglar

Dersom du driv familiebarnehage i din eigen heim, kan du velje om du vil krevje frådrag for faktiske driftskostnader, som du må dokumentere (rekneskapsbasert fastsetting), eller om du vil få eit standardfrådrag per barn i tillegg til frådrag for eventuelle personalkostnader som lønnskostnader, feriepengar og arbeidsgivaravgift.

Standardfrådrag for kostnader til barnehagedrifta (utanom lønnskostnad o.a.)

Dersom du driv familiebarnehage i din eigen heim og passar barna sjølv, kan du få eit sjablongmessig frådrag per barn, som skal dekkje vanlege kostnader knytte til barnepassverksemd i heimen. Standardfrådraget skal dekkje alle kostnader til mat, leiker, utflukter, reinhald, lys, oppvarming, slitasje på inventar og innbu i heimen o.a. Standardfrådraget skal utgjere 50 prosent av vederlaget for barnepass (foreldrebetaling + offentleg tilskot), men kan for 2016 ikkje setjast til høgare enn 1155 kroner per månad per barn. Maksimalsatsen for standardfrådrag tilsvarer satsen for kompensasjon for kost, slitasje o.a. i særavtale mellom KS og fagforeiningane. Du får standardfrådrag for alle barna i barnehagen, og også for ditt eige barn dersom du betaler det same som dei andre foreldra for å ha barnet ditt i barnehagen. Du må òg føre opp betalinga for eigne barn som næringsinntekt for barnehagen.

Du kan få standardfrådrag sjølv om arbeidet med barna blir utført av andre (ein tilsett assistent), dersom du står for administrasjon, arbeidsgivaransvar osv. Du får derimot ikkje standardfrådrag dersom du ikkje står for drifta av barnehagen sjølv, men berre stiller heimen din til rådigheit som lokale for barnepass (vertsheim).

Dersom du vel standardfrådrag per barn i staden for frådrag for faktiske kostnader, er dette valet bindande for dei komande inntektsåra, så lenge forholda ikkje endrar seg vesentleg, og for minst fem år dersom familiebarnehagen blir driven så lenge. 

I tillegg til standardfrådraget får du frådrag for kostnader til lønn og feriepengar til tilsett barnehageassistent og/eller barnehagelærar/førskulelærar og for arbeidsgivaravgift. 

Døme: Standardfrådrag 

Det er tre barn i familiebarnehagen, der det eine er ditt eige barn. Alle barna er to år gamle og oppheld seg 40 timar kvar i barnehagen. Du betaler sjølv for å ha barnet ditt i barnehagen. Du har ikkje tilsett nokon assistent i barnehagen, det er du som passar barna. Du har tilsett ein barnehagelærar/førskulelærar på deltid. I dømet har vi brukt høgaste sats for arbeidsgivaravgift, men satsen varierer som ein hovudregel etter kvar i landet arbeidsgivaren driv barnehageverksemda. Stortinget fastset satsane for arbeidsgivaravgift årleg.

Eigenbetalinga til foreldra:  2480 kroner x 11 md. x 3   81 840 kroner
+ offentleg tilskot : 164 900 kroner x 3 494 700 kroner
= sum inntekter 576 540 kroner
– påkomen lønn o.a. som barnehagelærar inklusive feriepengar    33 000 kroner
– påkomen arbeidsgivaravgift: 14,1 % av 33 000 kroner      4 653 kroner
– standardfrådrag (2016-sats): 1155 kroner x 3 x 11 md.   38 115 kroner
 = alminneleg inntekt (skattepliktig nettoinntekt) 500 772 kroner

Som næringsdrivande må du føre rekneskap etter bokføringslova. Du må fylle ut Næringsoppgåve 1 (RF-1175) som gjeld næringsdrivande med avgrensa rekneskapsplikt. Det gjeld òg når du vel standardfrådrag per barn. Næringsoppgåva er ein del av skattemelding for forsmues- og inntektsskatt - personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030). Det inneber at du loggar på skattemeldinga i Altinn.no og fyller ut skjemaet elektronisk. Altinn er ein nettportal (ein felles nettstad) for innlevering av offentlege skjema på Internett.

Frå og med inntektsråret 2015 er elektronisk levering av skattemelding for formues- og inntektsskatt for personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) obligatorisk for alle næringsdrivande, også personlege næringsdrivande. Skattemeldinga kan ikkje leverast på papir og er ikkje tilgjengeleg for nedlasting.

Du finn sjølvmeldinga med førehandsutfylte opplysningar og alle vedleggsskjema i arbeidslista di på altinn.no. Altinn-løysinga hjelper deg med å fylle ut nødvendige vedleggsskjema, mellom anna Næringsoppgåve 1, og overføre verdiar mellom skjema. 

RF-1030 er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har om deg frå interne register, eller som Skatteetaten har fått frå bankar, forsikringsselskap, eventuelle oppdragsgivarar eller arbeidsgivarar og andre offentlege etatar. Dei førehandsutfylte opplysningane gjeld først og fremst dei personlege forholda dine. Du må sjølv leggje til opplysningar om næringsforholda dine.

Du treng berre å fylle ut nokre få postar i næringsoppgåva. Foreldrebetalinga for passet av barna fører du i post 3200. Offentleg tilskot fører du i post 3400. Summen av desse to beløpa fører du i post 9900. Lønn og feriepengar fører du i post 5000. Arbeidsgivaravgifta fører du i post 5400. Standardfrådraget fører du i post 7700. Summen av alle desse kostnadene fører du i post 9910. Du må i eit eige vedlegg til næringsoppgåva forklare at det gjeld standardfrådrag for barnepass i eigen heim, og du må òg skrive kor mange barn og månader det gjeld for. Næringsinntekt i post 9930 overfører du til post 0401 i næringsoppgåva. Dette beløpet overfører du til post 2.1.3 i skattemeldinga.

Skattemelding for formues- og inntektsskatt fo personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) med vedlegg leverer du til Skattedirektoratet via Altinn. Fristen for levering av skattemeldinga er 31. mai året etter inntektsåret. 

Frådrag for faktiske kostnader (rekneskapsbasert fastsetting)

Dersom du vel å krevje frådrag for faktiske kostnader (rekneskapsbasert fastsetting), må du føre rekneskap etter bokføringslova og ta vare på bilag for dei kostnadene du har hatt i samband med barnehagedrifta. Du må fylle ut og levere Næringsoppgåve 1 (RF-1175) saman med skattemeldinga for næringsdrivande. Næringsoppgåve 1 skal brukast av næringsdrivande med avgrensa rekneskapsplikt og er vedleggsskjema til skattemeldinga for personleg næringsdrivande. Det inneber at du loggar på skattemeldinga i Altinn og fyller ut skjemaet elektronisk. 

Frå og med inntektsåret 2015 er elektronisk levering av skattemeldinga for formues- og inntektsskatt for personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) obligatorisk for alle næringsdrivande, og personlege næringsdrivande. Skattemeldinga kan ikkje leveres på papir og er ikkje tilgjengeleg for nedlasting.

Skattemeldinga er førehandsutfylt med opplysningar som Skatteetaten har om deg frå interne register, eller som Skatteetaten har fått frå bankar, forsikringsselskap, eventuelle oppdragsgivarar eller arbeidsgivarar og andre offentlege etatar. Dei førehandsutfylte opplysningane gjeld først og fremst dei personlege forholda dine. Du må sjølv leggje til opplysningar om næringsforholda dine.

Du får frådrag for lønnskostnader til barnehageassistent, barnehagelærar eller liknande som er komne på i inntektsåret. I tillegg får du frådrag for kostnader til feriepengar i inntektsåret og arbeidsgivaravgift.

Elles får du frådrag for alle andre kostnader som heng saman med drifta av barnehagen. Det kan til dømes vere kostnader til leiker, mat, utflukter, teiknepapir, telefonkostnader og meirkostnader til lys, oppvarming og reinhald av lokala. Når det gjeld kostnader til telefon, lys, oppvarming og reinhald, må du sannsynleggjere overfor skattekontoret at desse kostnadene heng direkte saman med drifta av barnehagen og ikkje er privat forbruk.

Driv du familiebarnehage i eigen bustad som er fritaksbehandlet (dvs. der ei eventuell utleigeinntekt ikkje er skattepliktig), er det avgrensa kva du kan få frådrag for når det gjeld bustaden din.

Har du kostnader knytte til areal som du bruker delvis privat og delvis i barnehagedrifta, er det ingen frådragsrett for desse kostnadene i driftsrekneskapen til verksemda. Du får ikkje direkte frådrag for sikringstiltak i heimen eller på uteområde, sjølv om dei er pålagde, t.d. til røykvarslar eller hagegjerde. Det same gjeld ved opparbeiding av og vedlikehald av uteareal, fordi slike kostnader er knytte til bustadeigedomen. Du kan likevel leggje til desse kostnadene i kostprisen på bustaden (aktivere dei) dersom du seinare sel bustaden.

Du kan krevje frådrag etter reglane om heimekontor dersom kostnadene er knytte til rom som berre blir brukte i barnehageverksemda, t.d. utgifter til lys, oppvarming og reinhald. I staden for frådrag for dei faktiske kostnadene knytte til barnehageromma kan du krevje eit sjablongmessig frådrag med 1700 kroner per år (satsen for 2016). Reglane om heimekontor gjeld ikkje dersom barna får bruke mesteparten av bustaden og du også bruker romma privat. Kostnader som ikkje kan knytast til spesielle delar av eigedomen, til dømes kostnader til ytre vedlikehald, forsikring og kommunale avgifter, kan du krevje frådrag for etter leigeverdien for barnehagedelen og bustaddelen.

Dersom du kjøper inn diverse utstyr og møblar, avheng frådragsretten av om gjenstandane er skaffa hovudsakleg med tanke på barnehageverksemda, t.d. barnestol eller stellebord. Dersom utstyret først og fremst er kjøpt inn til privat bruk, kan ein eventuell ekstra slitasje ved bruk i barnehagen gi rett til eit skjønnsmessig frådrag.

Du har ikkje rett til frådrag for kostnader til fast inventar som kjøkeninnreiing, garderobe, tepper og gardiner, fordi dette blir rekna som kostnader knytte til bustaden og ikkje til drifta.

Døme: Rekneskapsbasert fastsetting

Det er tre barn i familiebarnehagen. Alle barna er to år gamle og oppheld seg 40 timar kvar i barnehagen. Det eine barnet er ditt eige, som du betaler for å ha i barnehagen. Du har ikkje tilsett nokon assistent i familiebarnehagen, det er du som passar barna. Du har tilsett ein barnehagelærar på deltid. I dømet har vi brukt den høgaste satsen for arbeidsgivaravgift. Forholda er dei same som i det førre dømet, men det blir kravd frådrag for faktiske driftskostnader i staden for eit standardfrådrag per barn. Det blir òg kravd frådrag for bruk av rom i eigen bustad til familiebarnehage etter reglane om heimekontor.

Eigenbetalinga til foreldra:  2480 kroner x 11 md. x 3    81 840 kroner
+ offentleg tilskot:  164 900 kroner x 3   494 700 kroner 
= sum inntekter 576 540 kroner
– påkomen lønn o.a. som barnehagelærar inklusive feriepengar   33 000 kroner
– påkomen arbeidsgivaravgift: 14,1 % av 33 000 kroner     4 653 kroner
 – standardfrådrag for heimekontor (2016-sats)      1 700 kroner
– kostnader til mat    17 000 kroner
– kostnader til leiker og utflukter    16 000 kroner
= alminneleg inntekt (skattepliktig nettoinntekt)  504 187 kroner

Du finn skattemeldinga med førehandsutfylte opplysningar og alle vedleggsskjema i arbeidslista di på altinn.no. Altinn-løysinga hjelper deg med å fylle ut nødvendige vedleggsskjema, mellom anna Næringsoppgåve 1, og overføre verdiar mellom skjema.

Fristen for levering av oppgåvene via Altinn er 31. mai året etter inntektsåret. 

Minstefrådrag

Vanlegvis er det berre lønnstakarar som kan krevje minstefrådrag i arbeidsinntekt, mens sjølvstendig næringsdrivande ikkje får noko tilsvarande minstefrådrag i næringsinntekta. Ein sjølvstendig næringsdrivande som passar barn under 12 år i sin eigen heim, har likevel krav på minstefrådrag i næringsinntekta. Dette gjeld òg for deg som driv familiebarnehageverksemd i eigen heim. Du får minstefrådrag anten du vel standardfrådrag for barnepass eller frådrag for faktiske kostnader (rekneskapsbasert fastsetting).

Grunnlaget for utrekninga av minstefrådraget er netto driftsinntekt frå familiebarnehagen, dvs. den samla inntekta i familiebarnehagen minus faktiske kostnader (etter rekneskap) eller den samla inntekta etter frådrag med standardsats per barn og lønnskostnader.