Personinntekt

Personinntekta gir grunnlaget for utrekning av pensjonspoeng, trygdeavgift og trinnskatt. Det skal reknast ut personinntekt for eigaren i enkeltpersonføretak uansett om eigaren er aktiv i drifta eller ikkje. Dette er særleg aktuelt for deg som driv familiebarnehage som sjølvstendig næringsverksemd i din eigen heim. Personinntekta blir rekna ut av alminneleg inntekt frå verksemda.

Kjem du inn under reglane om utrekna personinntekt, må du hugse å fylle ut skjemaet Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1224). Alle vedleggsskjema til skattemeldinga, herunder RF-1224, finner du i arbeidslista di på altinn.no. Skjemaet leverer du saman med Skattemelding for formues- og inntektsskatt – personleg næringsdrivande o.a. (RF-1030) innen 31. mai året etter inntektsåret.

Driv du familiebarnehage i din eigen heim, skal den utrekna personinntekta førast i post 1.6.1 i skattemeldinga for næringsdrivande (RF-1030). Dette er viktig for at du skal få trygdeavgifta rekna ut etter mellomsatsen – for tida 8,2 prosent – og ikkje den høge satsen som elles gjeld for sjølvstendig næringsdrivande.

Reglane om utrekna personinntekt er ikkje nærmare omtalte i denne brosjyren. Skattekontoret kan gi fleire opplysningar. Sjå òg Rettleiing til RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak (RF-1225).

Trygderettar

Du har vanlegvis rett på sjukepengar når du blir sjuk. NAV-kontoret kan gi nærmare opplysningar om reglane for dette.