Pliktar som arbeidsgivar

Registrering av arbeidsforholdet

Dersom familiebarnehagen har tilsett ein barnehagelærar på deltid eller ein eller fleire assistentar til å utføre det daglege arbeidet med barna, følgjer det med visse plikter familiebarnehagen har som arbeidsgivar.

I utgangspunktet skal alle arbeidsgivarar vere registrerte i NAV Aa-registeret. Aa-registeret er eit grunndataregister som viser tilknytinga mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og har som føremål å tene det behovet offentlege styresmakter har for opplysningar i oppgåveløysinga deira.

Du kan sende inn Samordna registermelding (BR-1010), som er eit fellesskjema for registrering i mellom anna Einingsregisteret, Føretaksregisteret og NAV Aa-registeret. Du kan få fleire opplysningar om registreringa ved å kontakte NAV, skattekontoret og Einingsregisteret i Brønnøysund. 

Registermeldinga (BR-1010) kan du levere elektronisk via altinn.no eller sende som papirskjema direkte til Einingsregisteret i Brønnøysund. Einingsregisteret gir familiebarnehagen eit organisasjonsnummer som du skal bruke ved all kontakt med styresmaktene.

Som arbeidsgivar pliktar du òg å sende inn a-melding når du tek inn ein ny arbeidstakar, og når eit arbeidsforhold blir avslutta. Plikta til å sende a-melding til Aa-registeret gjeld frå den datoen arbeidsforholdet startar. Dersom det ikkje blir utbetalt lønn før månaden etter startdatoen, vil den første a-meldinga berre innehalde opplysningar om arbeidsforhold for den nytilsette, og ingen opplysningar om utbetaling av lønn og forskotstrekk.

Velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar som kan bruke den forenkla oppgjersordninga, skal ikkje sende melding til arbeidstakarregisteret dersom dei bruker forenkla a-melding. For velgjerande eller allmennyttige institusjonar eller organisasjonar som ikkje oppfyller vilkåra for å kunne ta i bruk forenkla a-melding, gjeld dei vanlege reglane for arbeidsgivar sine plikter og ansvar. Sjå brosjyren Skatt for frivillige og ideelle organisasjonar dersom du vil ha ei nærmare omtale.

Skattetrekk

Som arbeidsgivar skal du trekkje skatt samtidig som du betaler ut lønna arbeidstakaren. Det går fram av skattekortet til arbeidstakaren kor mykje du skal trekkje i skatt (forskotstrekk). Du kan hente inn skattekortopplysningane automatisk i meldinga når du leverer det elektronisk på altinn.no/a-ordningen. Er skattekortet eit tabellkort, viser den oppgitte tabellen kor stort trekket skal vere. Alle trekktabellane finn du på skatteetaten.no. Er du ein biarbeidsgivar for arbeidstakaren, vil skattekortet vere eit prosentkort. Forskotstrekket skal då reknast ut av lønna med denne prosenten. 

Dersom arbeidstakaren ikkje har skattekort, skal du trekkje 50 prosent skatt.

Ferie skal som regel avviklast og feriepengar utbetalast året etter det året arbeidstakaren har tent opp rett til ferien. Feriepengar er skattepliktig inntekt, men du skal ikkje trekkje skatt av feriepengar som blir utbetalt i ferieåret. Skattekortet for ferieåret er fastsett slik at skattetrekk for feriepengar blir gjort i lønnsutbetalingane dei andre månadene i året. Dersom feriepengar blir utbetalte i oppteningsåret, til dømes i samband med at arbeidsforholdet tek slutt, skal du derimot trekkje skatt av feriepengane på same måte som ved lønn. Det kjem av at skattekortet ikkje har tilstrekkeleg skattetrekk i dei andre månadene i året som kompenserer for utbetaling av feriepengar i oppteningsåret.

Trekkfritak i enkelte tilfelle

Dersom ein organisasjon, eit foreldrelag eller liknande driv familiebarnehage der barnepasset skjer heime hos den tilsette assistenten, er godtgjersle til assistenten for utgifter til mat og slitasje i heimen unnateke frå trekkplikt. For at utgiftsgodtgjersla skal vere skattefri og trekkfri, må utgiftsgodtgjersla ikkje utgjere meir enn 50 prosent av samla brutto godtgjersle for kvart barn, og kan maksimalt utgjere 1155 kroner per månad per barn (2016-sats). Assistenten må dessutan utarbeide ei oppgåve over utgiftene.

Arbeidsgivaravgift

Du skal rekne ut og betale arbeidsgivaravgift av det beløpet du pliktar å rapportere inn, som bruttolønn, feriepengar og anna godtgjersle for arbeid utført av barnehagelæraren og eventuelle assistentar. Av utgiftsgodtgjersle og naturalytingar, til dømes fri kost og losji, skal du rekne ut arbeidsgivaravgift når du pliktar å gjere eit forskotstrekk av ytingane. Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av trekkfrie utgiftsgodtgjersler. Sjå Lønns-ABC for å få informasjon om trekkpliktige ytingar.

Arbeidsgivaravgifta skal reknast ut med ein prosentsats som varierer etter kva avgiftssone arbeidsgivaren høyrer til. Kva avgiftssone arbeidsgivaren høyrer til, er avhengig av kvar arbeidsgivaren driv verksemda.

Levering av a-melding

Har du betalt lønn og anna godtgjersle til ein tilsett førskulelærar og eventuelle assistentar, skal du levere a-melding seinast den 5. i månaden etter kvar utbetaling. A-meldinga skal som ein hovudregel sendast elektronisk gjennom lønnssystemet på altinn.no/a-ordningen. Dersom du ikkje har lønnssystem, kan du registrere meldinga manuelt i Altinn.

Betaling av skatt og arbeidsgivaravgift

Det beløpet som er trekt i skatt skal setjast inn på ein eigen bankkonto (skattetrekkskonto) seinast den første verkedagen etter lønnsutbetalinga.

Kvart år på datoane 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november skal du betale inn skattetrekksbeløpet for dei to førre månadene til skatteoppkrevjaren i den kommunen du er heimehøyrande.

Dersom du ikkje trekkjer skatt eller ikkje betaler inn trekkbeløpet, kan du som arbeidsgivar bli økonomisk ansvarleg for skattetrekket.

Vidare skal du kvart år på datoane 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november betale inn utrekna arbeidsgivaravgift for dei to førre månadene til skatteoppkrevjaren.

Kontakt skatteoppkrevjaren dersom du ønskjer meir informasjon om dette. 

Betaling via bank eller nettbank

Dersom du betaler inn elektronisk (via nettbank), må du bruke KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer). Dette får du hos skatteoppkrevjaren eller på skatteetaten.no. Skattetrekket og arbeidsgivaravgifta skal betalast inn kvar for seg, og du må derfor ha to KID-nummer, dvs. eitt KID-nummer for skattetrekket og eitt KID-nummer for arbeidsgivaravgifta.

Når du leverer a-melding via Altinn, vil du få oppgitt både KID-nummeret og kontonummeret til skatteoppkrevjaren.

Du kan få fleire opplysningar hos skatteoppkrevjaren.

Plikt til å levere oppgåve om foreldra sine kostnader til pass og stell

Foreldra har rett til frådrag i skattepliktig inntekt for kostnader til pass og stell av barn under 12 år (foreldrefrådrag). Familiebarnehagar har plikt til å sende inn opplysningar til Skatteetaten over dei enkelte foreldra sine kostnader til barnehageplass i inntektsåret som er komne på. Beløpet (eigenbetalinga) som familiebarnehagen rapporterer inn, blir då førehandsutfylt i posten for foreldrefrådrag i skattemeldinga til foreldra. For å få meir informasjon om rapporteringa, sjå tredjepartsopplysningar - Pass og stell av barn.

Foreldra

Foreldre som har barn i familiebarnehage, skal ikkje levere a-melding over betaling til familiebarnehagen for barnepasset.

Kven svarer på kva?

 

Kva Kven
Skatt  Skattekontoret
Arbeidsgivaravgift til folketrygda Skatteoppkrevjaren i kommunen (kemneren) og skattekontoret
Forskotstrekk Skatteoppkrevjaren i kommunen
Trygdespørsmål NAV lokalt
Registrering som arbeidsgivar Einingsregisteret i Brønnøysund
Registrering av arbeidstakar NAV Aa-registeret