Forskotsskatt

Den inntekta du tek imot som næringsdrivande i enkeltpersonføretak, er ikkje trekkpliktig. Det offentlege og foreldre utfører dermed ikkje noko forskotstrekk i samband med utbetaling av tilskot eller eigenbetaling. Du må derfor sjølv sørgje for å betale forskotsskatt for personleg skattytar. Det er skattekontoret som skriv ut forskotsskatten. Denne skal betalast i fire terminar i inntektsåret: 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november. Kontakt skattekontoret dersom du ikkje har fått skrive ut forskotsskatt eller du meiner at forskotsskatten er feil.

Ein familiebarnehage som blir driven av eit aksjeselskap, ein privat organisasjon, eit foreldrelag eller liknande, og som er skattepliktig, må betale forskotsskatt for upersonleg skattytar. Det er skattekontoret som skriv ut forskotsskatten. Han skal betalast året etter inntektsåret i to terminar: 15. februar og 15. april.

Dersom familiebarnehagen er ein skattefri organisasjon, skal han ikkje betale forskotsskatt.