Kva er ein familiebarnehage?

Barne- og familiedepartementet skildrar ein familiebarnehage slik: 

Ein familiebarnehage er ein barnehage der drifta føregår i små grupper i private heimar. Det daglege arbeidet med barna blir utført av familiebarnehageassistenten. Assistenten får rettleiing og oppfølging av ein barnehagelærar (førskulelærar), som òg er pedagogisk leiar for barnehagen. Ein familiebarnehage består vanlegvis av to eller fleire heimar. Kvar assistent kan ha ansvar for inntil fem barn, avhengig av kor gamle barna er. Kommunen har ansvaret for å godkjenne og halde tilsyn med familiebarnehagane. Kommunen kan gi nærmare opplysningar om dette. 

Familiebarnehagane får offentleg driftstilskot på linje med andre barnehagar. I tillegg utgjer foreldrebetalinga ein vesentleg del av inntektsgrunnlaget. Betalinga ligg vanlegvis på same nivå som prisen i ordinære private og kommunale barnehagar. 

Det er viktig at ein ikkje forvekslar familiebarnehageverksemd med privat dagmammaverksemd. Sjølv om det i begge tilfella dreier seg om pass og stell av barn, er det store forskjellar. Familiebarnehageordninga og heimen må godkjennast av kommunen, familiebarnehagen får pedagogisk rettleiing og han tek imot offentlege tilskot. Privat dagmammaverksemd i barnepassaren sin heim er ikkje underlagd kommunal kontroll og får ikkje offentleg driftsstøtte.

Dersom du vil ha nærmare opplysningar om skattereglane for privat dagmammaverksemd for foreldre, dagmammaer og praktikanter/au pair, kan du sjå brosjyren "betalt barnepass".