Kven gjeld brosjyren for?

Denne brosjyren er retta mot deg som driv eller har tenkt å drive familiebarnehage som sjølvstendig næringsverksemd i din eigen heim. Han er òg retta mot familiebarnehagar som er eigde av ein privat organisasjon, eit foreldrelag eller liknande, og som blir driven med tilsette assistentar. Sjå lenger bak i brosjyren om familiebarnehage som er eigd av organisasjonar.

Vi gjer merksam på at dei tala og satsane som er brukte i brosjyren, gjeld for inntektsåret 2016. Dersom brosjyren blir brukt for seinare år, er det viktig å vere merksam på at satsane kan ha blitt endra. Dette kan du undersøkje på skattekontoret eller på skatteetaten.no/tabellar og satsar.