Selger du varer på Internett?

  • Skriv ut

Handel over internett aukar vesentleg i omfang og tek nye former. Behovet for informasjon og avklaring om skatte- og avgiftsreglane for handel over internett blir stadig større.

Har du ein innbringande blogg, driv nettbutikk eller på annan måte har inntekter frå verksemd på internett, gjeld dei same skatte- og avgiftsreglane som for annan inntektsgivande aktivitet.

Inntektsgivande aktivitetar via internett kan til dømes vere ordinært kjøp og sal via internett, nettspel, annonse, affiliate- og marknadsføringsinntekter og sal av domene.

Som skattepliktig inntekt skal reknast kvar ein fordel ein har vunne ved arbeid, kapital eller verksemd og ein skal opplyse om inntektene på skattemeldinga eller næringsoppgåva.
 
Som hovudregel skil regelverket mellom næringsverksemd og ikkje-økonomisk aktivitet (heretter omtalt som hobby).

Hobby

Ikkje-økonomisk aktivitet definerer vi gjerne som hobby, til dømes fritidsaktivitet, sosialt arbeid o.a. Økonomisk aktivitet som ikkje er eigna til å gi overskot eller gi økonomiske fordelar kan òg bli rekna som hobby.

Inntekter av hobbyverksemd er i utgangspunktet ikkje skattepliktig, og du får ikkje frådrag for kostnader til slik aktivitet.

Les meir om døme på korleis du kan handtere overgangen mellom hobby og næring.

Næringsverksemd

For at ein aktivitet skal reknast som næringsverksemd, må han vere eigna til å gi skattytaren økonomiske fordelar. Det avgjerande er om aktiviteten objektivt sett er eigna til å gi overskot når ein ser aktiviteten over ei passande tid.

Gir aktiviteten økonomiske fordelar over tid, blir inntektene frå aktiviteten over internett skatte- og avgiftsmessig rekna som verksemd, og inntekta er dermed skatte- og avgiftspliktig.

Skatteplikta gjeld både inntekter som ein tek imot frå betalarar i Noreg og i utlandet. 

Dei samla vilkåra for å rekne ein inntektsgivande aktivitet som verksemd er at aktiviteten:

  • tek sikte på å vare ei viss stund,
  • har eit visst omfang,
  • er eigna til å gi overskot, og
  • blir drive for skattytaren si rekning og risiko.

I tvilstilfelle er det skattekontoret som avgjer om ei verksemd skal reknast som næringsverksemd eller hobby. Ta kontakt med det lokale skattekontoret for å få ei konkret vurdering av aktiviteten din.

At aktiviteten blir rekna som næringsverksemd gjer det mellom anna mogeleg å trekkje frå kostnader som kjem på i oppstartsfasen.

 

Rettsavgjørelser (krever innlogging):

  • Ifi OY – saken (Rt-2006-364)
  • E-Handelsexport – saken (Utv-2015-1243)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.