Eg driv ein nettbutikk der eg sel varer som blir sende direkte til kunden frå grossist i utlandet. Er eg skatte- og avgiftspliktig for dette salet?

Om vara blir send direkte frå grossist i utlandet til ein norsk kunde, utan å vere innom varelager i Noreg, har ikkje noko å seie for skatte- og avgiftsplikta. Salet er underlagt skatte- og avgiftsreglane i Noreg.