Eg får inntekter frå Apple/iTunes som betaling for sal av applikasjonar. Er dette skattepliktig?

Inntekter frå næringsverksemd er skattepliktige, medan inntekter frå hobbyverksemd er skattefrie.

Ein må difor ta stilling til om utbetalingane dine frå Apple/iTunes skal reknast som næringsinntekter eller hobbyinntekter.

Bakgrunnen for at inntekter frå hobbyaktivitetar som hovudregel er skattefrie, er at slike aktivitetar ikkje er eigna til å gå med overskot når ein tek omsyn til utstyr, materiale og liknande.

Om programvaresalet blir rekna for å vere skattepliktig, kjem an på om aktiviteten:

  • tek sikte på å vare ei viss stund,
  • har eit visst omfang,
  • er eigna til å gi overskot, og
  • blir drive for skattytaren si rekning og risiko

Verksemda kan reknast som skattepliktig sjølv om eigaren ikkje tek aktivt del i drifta og uavhengig av om aktiviteten er utført i Noreg eller utlandet.

Bokføringsplikt
Dersom utbetalingane frå Apple/iTunes blir vurderte som skattepliktige, fører dette også til bokføringsplikt og plikt til å sende inn næringsoppgåve og personinntektsskjema saman med skattemeldinga.

Det same gjeld dersom du blir pliktig å levere omsetningsoppgåve for meirverdiavgift.