Eg får inntekter frå Apple/iTunes som betaling for sal av applikasjonar. Er inntektene meirverdiavgiftspliktig omsetning?

Meirverdiavgiftsreglane for elektroniske tenester blei endra 01.07.2011. For omsetning før denne datoen gjeld det tidlegare regelverket.

Som utviklar av applikasjonen er du registreringspliktig i meirverdiavgiftsregisteret på vanleg måte når omsetninga overstig 50 000 kr. Ettersom sal av applikasjonar blir rekna som sal til Apple/iTunes, blir salet rekna som sal utanfor meirverdiavgiftsområdet, og det blir dermed avgiftsfritt (0-sats). Ved sal frå Apple/iTunes til kundar innanfor meirverdiavgiftsområdet er Apple/iTunes ansvarleg for å krevje inn og betale meirverdiavgifta.

Du pliktar likevel å registrere deg og sende inn meirverdiavgiftsoppgåver med oversikt over omsetninga. Når du har registrert deg, har du òg rett på frådrag for meirverdiavgift på eventuelle kjøp av varer og tenester som skal nyttast i næringsverksemda.