Eg lagar programvare som blir distribuert via ein utanlandsk nettstad, er eg skatte- og avgiftspliktig for dette?

Skatte- og avgiftsplikta til Noreg fell ikkje vekk ved å distribuere programvara via ein utanlandsk nettstad.

Som norsk næringsdrivande er inntekter ved sal til utlandet skattepliktig på lik linje med innanlandsk sal. Avgiftsplikta må vurderast ut frå fleire moment, mellom anna om det er innanlandsk omsetning og/eller omsetning til utlandet. Ta kontakt med det næraste skattekontoret for å få ei konkret vurdering.   

Om programvaresalet blir rekna for å vere skattepliktig, kjem an på om aktiviteten

  • tek sikte på å vare ei viss stund
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gi overskot
  • blir drive for skattytaren si rekning og risiko

Verksemda kan reknast som skattepliktig sjølv om eigaren ikkje tek aktivt del i drifta og uavhengig av om aktiviteten er utført i Noreg eller utlandet.