Eg sel varer på ulike marknadsplassar på internett, til dømes Finn, Qxl, eBay, med meir. Er dette skatte- og avgiftspliktig?

Denne omsetninga er underlagd dei ordinære skatte- og avgiftsreglane, uavhengig av marknadsplass.  

Unnatak er enkeltståande tilfelle der privatpersonar sel personlege eigedelar slik som brukt sykkel, barnevogn, ski og liknande. Dette er ikkje skatte- eller avgiftspliktig.