Rettleiing for utfylling og innrapportering av likningsoppgåver over gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

  • Skriv ut

Revidert desember 2013.

Innleiing

Innrapportering av gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

Oppgåveplikt

Ikkje høve til dispensasjon ved oppgåveplikt

Oppdatering av kontaktinformasjon for oppgåvegjevarregisteret

Sjå også ”Kontakt med Skattedirektoratet”

Innhaldet i likningsoppgåva

Organisasjonsnummer

Riktig identifisering av oppgåva

Gjevaren sitt fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer

Identifikasjonsnummer for busette/heimehøyrande i Noreg

Identifikasjonsnummer for ikkje busette/heimehøyrande i Noreg

Tildeling av D-nummer

Innhenting av fødsels- og organisasjonsnummer

Anonyme gjevarar

Gåvebeløp

Gåver frå ektefellar

Levering av likningsoppgåver

Leveringsstad og frist for innlevering av likningsoppgåver

Purring av oppgåvegjevar

Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver

Årsoppgåve til skattytar

Likningsoppgåver via Altinn

Likningsoppgåver på maskinleseleg medium

Ingen oppgåver å levere

Kvittering

Feil på innsende likningsoppgåver

Dublettar

Uidentifiserte likningsoppgåver

Unumeriske beløp

Korrigere ei oppgåve

Testing

Skildring av filformatet (tidligare recordskildring)

Kontakt med Skattedirektoratet


Innleiing

Denne rettleiinga går gjennom innrapporteringsreglane for friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn som tek imot gåver, dvs. organisasjonar som er godkjende for inntektsfrådrag etter skattelova § 6-50, og som har plikt til å levere likningsoppgåver. Samstundes er dette ei rettleiing for utfylling av likningsoppgåver.

Godkjende friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn blir heretter òg kalla ”oppgåvegjevarar”.

Rett til inntektsfrådrag for gjevar av gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn følgjer av likningslova § 5-9 bokstav g. I likningslova § 6-6 bokstav g, jf.   § 5-11 og § 5-12  er det føresegn om at oppgåvegjevaren skal innrapportere gåvebeløpa til skattestyresmaktene. I forskrift 17. september 2013 nr. 1092 (samleforskrift om tredjepartars opplysningsplikt) § 5-9-60 til § 5-9-65 er det fastsett forskrifter om omfanget av oppgåveplikta, innhaldet i oppgåva og korleis oppgåva skal gjevast.

For å bli registrert i frådragsordninga for gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn, må oppgåvegjevaren førehandsgodkjennast av skattekontoret.

Organisasjonar som kjem inn under frådragsordninga, har plikt til å levere likningsoppgåver over mottekne gåver som gjevaren ynskjer frådrag for.  Friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn må før likningsoppgåva blir innsend, avklare med gjevaren om han/ho ynskjer skattefrådraget, og ha dei fullmakter som skal til for å hente inn opplysningar om gjevaren.

Likningsoppgåver skal innrapporterast på internett via Altinn til Skattedirektoratet innan 20. januar året etter inntektsåret.

(Sjå ”Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver”.)

Innrapportering av gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

Likningsoppgåver over gåver til friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn skal innehalde:

  • det fulle namnet til gjevaren 
  • fødselsnummer (elleve siffer) eller organisasjonsnummer (ni siffer) 
  • samla gåvebeløp for inntektsåret

Alle oppgåvegjevarar skal levere likningsoppgåver via Altinn på internett. Innsending av likningsoppgåver er eit vilkår for frådragsretten, og skattytaren kan difor ikkje få frådrag ved å føre opp gåvebeløpet på sjølvmeldinga si sjølv. Det er difor viktig at gåvene blir innrapporterte i tråd med regelverket og innan dei fristane som er oppgjevne, slik at dei kjem med på den førehandsutfylte sjølvmeldinga og skattytaren får frådraget.

Oppgåveplikt

Oppgåveplikt for gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn o.a., som gjev gjevaren rett til frådrag etter skattelova § 6-50, følgjer av likningslova § 5-9 bokstav g, jf. § 5-11 og § 5-12.

Det følgjer av Finansdepartementet si forskrift til skattelova (FSFIN) § 6-50-3 at gåvemottakaren skal gje nødvendige opplysningar til Skattedirektoratet i maskinleseleg form innan fastsette fristar etter likningslova. Likningsoppgåvene skal gjevast samla, via Altinn innan 20. januar året etter inntektsåret, jf. forskrift 17. september 2013 nr.1092 § 5-9-65.

Ikkje høve til dispensasjon ved oppgåveplikt

Etter dei lover og forskrifter som gjeld, har Skattedirektoratet ikkje høve til å gje dispensasjon frå oppgåveplikta.

Oppgåvegjevarar som ikkje har levert likningsoppgåver innan fristen 20. januar, kan påleggjast gebyr (sjå ”Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver”).
Oppdatering av kontaktinformasjon for oppgåvegjevarregisteret
Det er automatisk oppdatering mellom Skattedirektoratet sitt oppgåvegjevarregister frå Einingsregisteret i Brønnøysund for organisasjonsnamnet og adressa til oppgåvegjevar.

Eventuelle endringar av kontaktinformasjon, dvs. namn og telefonnummer/mobilnummer for personen som er hovudkontakt må derimot meldast til Skattedirektoratet innan 17. desember 2013. Oppdateringar meldast per e-post til grunnlagsdata@skatteetaten.no eller via altinnskjema RF-1312 Nye opplysningar til oppgåvegjevarregisteret – likningsoppgåver. I dette skjemaet kan verksemda også meldast ut av Skattedirektoratet sitt oppgåvegjevarregister. 

Sjå også ”Kontakt med Skattedirektoratet”.

Til toppen

 

Innhaldet i likningsoppgåva

Organisasjonsnummer

Alle oppgåvepliktige organisasjonar som leverer likningsoppgåver til Skattedirektoratet, blir registrert med eit organisasjonsnummer i Skattedirektoratet sitt oppgåvegjevarregister.

Organisasjonsnummeret er identisk med oppgåvegjevaren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret i Brønnøysund. Etter skattelova § 6-50 er det krav om at alle friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn som blir godkjende under frådragsordninga skal registrerast i Einingsregisteret.

Riktig identifisering av oppgåva

Gjevaren sitt fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer
Likningsstyresmaktene brukar fødsels-, D- eller organisasjonsnummer til å identifisere skattytarar. Det er viktig at det rette nummeret blir gjeve opp i oppgåva for å få ei rett likningshandsaming av den einskilde gjevaren.

Oppgåvegjevaren kan krevje at ein gjevar som ynskjer frådrag, gjev opp fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret sitt, jf. likningslova § 5-11 nr 2. Difor bør oppgåvegjevaren utstyre innbetalingsblankettane sine med eit eige felt der gjevaren skal føre på fødsels- eller organisasjonsnummeret sitt dersom gjevaren ynskjer frådrag for gåva. I tillegg bør det opplysast om dette på oppgåvegjevaren sine eventuelle nettsider. Ein gjevar som ynskjer frådrag kan ikkje reservere seg mot at vedkomande sitt fødselsnummer blir brukt i samband med innrapporteringa.

Identifikasjonsnummer for busette/heimehøyrande i Noreg

Alle personar som er busette i Noreg skal ha eit ellevesifra fødselsnummer eller D-nummer. D-nummer blir tildelt av Personregisteret, og er eit identifikasjonsnummer på lik linje med fødselsnummer. Oppgåva skal innehalde anten fødselsnummer eller D-nummer.

For personlege skattytarar som er eineinnehavarar av verksemder (enkeltpersonføretak) skal oppgåva anten innehalde innehavaren sitt fødselsnummer eller verksemda sitt nisifra organisasjonsnummer, tildelt av Einingsregisteret i Brønnøysund. Eitt av desse nummera må alltid brukast.

Oppgåver for upersonlege skattytarar (aksjeselskap og liknande) skal innrapporterast med nisifra organisasjonsnummer.

Oppgåver som blir innrapporterte utan fullstendig fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer vil alltid vere uidentifiserte, og dei vil kome fram på feillista som oppgåvegjevaren mottek saman med leveringskvitteringa.

Identifikasjonsnummer for ikkje busette/heimehøyrande i Noreg

Dersom skattytaren har norsk fødselsnummer eller har fått tildelt eit D-nummer skal dette nummeret alltid brukast. Det same gjeld for upersonlege skattytarar: Dersom dei har eit norsk organisasjonsnummer skal dette alltid brukast.

Skattytarar som ikkje er busette i eller er heimehøyrande i Noreg, og som verken er tildelt eit gyldig fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer, skal ikkje innrapporterast i likningsoppgåvene.

Tildeling av D-nummer

Tildeling av D-nummer er regulert i forskrift av 9. november 2007 nr. 1268 om folkeregistrering.  Det går fram av forskrifta § 2-6 kven som fysisk kan få tildelt eit D-nummer. Kven som kan rekvirere D-nummer går fram av § 2-7 første ledd.
Skatte- og avgiftspliktige skattytarar som ikkje har / kan få fødselsnummer skal ha D-nummer, jf. forskrifta § 2-6 bokstav a. Skattytaren må vende seg til skattekontoret for tildeling av D-nummer.

Dersom ikkje anna er bestemt skal rekvisisjonen skje på ein særskilt blankett. Av føresegna går det òg fram kva krav som stillast til legitimasjon, jf. § 2-7 andre ledd.
Innhenting av fødsels- og organisasjonsnummer

Oppgåvegjevaren bør først og fremst kontakte gåvegjevaren for å innhente fødsels- eller organisasjonsnummer.

Dersom oppgåvegjevaren treng å innhente fødselsnummer eller D-nummer frå andre enn gjevaren, kan oppgåvegjevaren vende seg skriftleg til:

Skatt øst Fredrikstad
Særregisteret
Postboks 1073 Valaskjold
1705 Sarpsborg

Organisasjonsnummer kan innhentast hos:

Brønnøysundregistra
Postboks 900
8910 Brønnøysund

www.brreg.no

Skattedirektoratet vil minne om at registrering av opplysningar om gåvegjevar kan utløyse meldeplikt til Datatilsynet.

Anonyme gjevarar

Innrapportering skal ikkje gjerast for gjevarar som ynskjer å vere anonyme. Frådragsretten for gåva vil i så fall falle bort. Desse gjevarane er dermed avskorne frå å få frådrag for gåvebeløpet.

Gåvebeløp

Det skal sendast inn ei oppgåve over samla gåvebeløp for kvar einskild gjevar i løpet av inntektsåret. Gåvebeløpet skal i utgangspunktet òg inkludere eventuelle pengegåver som ein gjevar vilkårslaust har forplikta seg til å gje i eit seinare inntektsår. Forpliktinga vert rekna som vilkårslaus i den grad oppfylling av forpliktinga ikkje avheng av at ei hending i framtida finn stad. Vi presiserer at medlemskontingentar, lodd o.a. ikkje skal takast med.

Gåvebeløpet som gjev rett til frådrag, er minimum 500 kroner per år per gjevar til den einskilde organisasjon. Frådraget kan maksimalt utgjere 12 000 kroner. Oppgåvegjevaren har ikkje plikt til å innrapportere gåvebeløp som til saman utgjer mindre enn 500 kroner og som difor ikkje er frådragsgodkjende.  Oppgåvegjevaren kan likevel innrapportere det beløpet som gjevaren faktisk har betalt inn, utan å ta omsyn til dei nemnde minimums- eller maksimumsbeløpa. Dersom skattytaren har gjeve meir enn maksimalbeløpet, kan det ikkje krevjast frådrag for det overskytande beløpet eit seinare år.

Beløpet skal gjevast opp i heile kroner.

Gåver frå ektefellar

Det gjeld ingen særreglar for ektefellar ved innrapportering av likningsoppgåver over gåver. Dersom begge ektefellane skal få frådrag for sin høvesvise del av ei felles gåve, må gåvebeløpet delast mellom dei og det må innrapporterast ei oppgåve for kvar av ektefellane. Begge ektefellane skal difor rapporterast inn som gjevarar.

Til toppen

 

Levering av likningsoppgåver

Leveringsstad og frist for innlevering av likningsoppgåver

Likningsoppgåver skal leverast på internett via Altinn ved å nytte skjema RF-1310 Oppgåve over gåver til visse friviljuge organisasjonar - likningsoppgåver, eller skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg, set som vilkår at ein har dei naudsynte utfyllings- og innsendingsrettane (sjå "Likningsoppgåver via Altinn").

Likningsoppgåver skal sendast via Altinn på internett til Skattedirektoratet innan 20. januar året etter inntektsåret.

Dersom organisasjonen ikkje har likningsoppgåver å levere, skal det hukast av for dette i skjema RF-1310 på Altinn. Skjemaet skal leverast til Skattedirektoratet innan fristen 20. januar (sjå "Ingen oppgåver å levere")..

Innrapportering av likningsoppgåver er eit vilkår for frådragsrett for gåver til friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn. Av di oppgåvene skal nyttast som grunnlag for likning, er det svært viktig at fristen blir halden. Dersom fristen ikkje blir halden vil det kunne føre til forseinking av likningsarbeidet eller at ein personleg skattytaren ikkje får ført opp frådrag for gåva på den førehandsutfylte sjølvmeldinga.

Vi gjer merksam på at det ikkje blir gjeve utsetjing på innleveringsfristen (sjå ”Ikkje høve til dispensasjon ved oppgåveplikt” og ”Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver”).

Dersom oppgåvegjevaren får problem med å halde innleveringsfristen, skal Skattedirektoratet kontaktast på e-post grunnlagsdata@skatteetaten.no. (Sjå òg ”Kontakt med Skattedirektoratet”.)

Purring av oppgåvegjevar

Oppgåvegjevarar som ikkje har levert likningsoppgåver innan leveringsfristen vil få purring frå Skattedirektoratet i midten av februar. Sjå òg ”Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver”.

Dersom oppgåvegjevaren er urettmessig purra, det vil seie har levert likningsoppgåvene i via Altinn eller levert rekommandert sending innan fristen, skal dette meldast til Skattedirektoratet på e-post grunnlagsdata@skatteetaten.no. For at Skattedirektoratet skal kunne identifisere leveransen, er det viktig at oppgåvegjevaren gjev opp organisasjonsnummer, namn og dato for innsending av likningsoppgåvene. (Sjå òg ”Kontakt med Skattedirektoratet”.)

Gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver

Oppgåvepliktige organisasjonar som ikkje har levert likningsoppgåvene etter likningslova  kapittel 5 innan fristen, kan påleggjast gebyr, jf. likningslova § 10-8 og forskrift av 22. januar 1991 nr. 57 om gebyr ved for seint eller ikkje leverte likningsoppgåver.

Ei likningsoppgåve blir rekna som ikkje levert når den mellom anna:

  • manglar heilt 
  • er levert på papir
  • er levert til andre enn til Skattedirektoratet, til dømes lokalt skattekontor
  • manglar 11-sifra fødselsnummer for personlege skattytarar 
  • manglar 9-sifra organisasjonsnummer 
  • er levert på ein måte som ikkje er i samsvar med Skattedirektoratet sine føresegner

Storleiken på gebyret som reknast er kr 10 per oppgåve per dag mangelen eller uteblivinga gjeld.

Årsoppgåve til skattytar

I følgje likningslova § 5-11 nr. 3, jf. samleforskrifta § 5-11-1 bokstav p, skal den einskilde gjevaren (skattytaren) ha kopi av dei opplysningane som blir sende til likningsstyresmaktene innan 1. februar året etter inntektsåret. Det skal alltid gå fram av årsoppgåva at opplysningane òg er sende til likningsstyresmaktene.

Årsoppgåva kan utformast slik som oppgåvegjevaren finn det føremålstenleg, men det er eit vilkår at den er identisk med omsyn til identifikasjon og oppgjevne beløp.

Årsoppgåva skal innehalde:

  • namn og fødselsnummer på gjevaren
  • innrapportert gåvebeløp
  • namn og organisasjonsnummer på organisasjonen
  • tilvising til post 3.3.7 i sjølvmeldinga

Likningsoppgåver via Altinn

Likningsoppgåver for gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn sendast inn via Altinn på internett, sjå www.altinn.no. Det er to måtar å sende inn oppgåver på i Altinn:

1. RF-1310 Oppgåve over gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn - likningsoppgåver
Manuelt utfyllingsskjema meint for oppgåvegjevarar som har få oppgåver å levere. I dette skjemaet kan du også melde frå om organisasjonen ikkje har teke imot gåver i løpet av året, ved å huke av i feltet for "Ingen oppgåver å levere".
2. RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg
I dette skjemaet vel du oppgåvetype ”Gåver til organisasjonar” frå nedtrekksmenyen i fana "Hovudskjema". Fyll ut kontaktinformasjon. Under fana ”Oversikt – skjema og vedlegg” kan du laste opp ei eller fleire XML-filer med likningsoppgåver og sende inn (sjå Skildring av filformatet").

Likningsoppgåver kan leverast via Altinn frå 2. januar året etter inntektsåret.

Likningsoppgåver på maskinleseleg medium

Frå og med inntektsåret 2013 er det ikkje lenger mogleg å levere likningsoppgåver over gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn på maskinleseleg medium. Som erstatning for innrapportering av likningsoppgåver på maskinleseleg medium viser vi til Altinn-skjema RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg (sjå "Likningsoppgåver via Altinn").

Ingen oppgåver å levere

Oppgåvegjevarar som ikkje har motteke gåver i løpet av året det vert rapportert for, kan no rapportere elektronisk at dei ikkje har nokon oppgåver å levere. Dette skal gjerast i Altinn-skjemaet for manuell registrering RF-1310 Oppgåve over gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn - likningsoppgåver.

"Ingen oppgåver å levere" kan også innrapporterast via fil (eigen leveransetype ”ingenoppgaver”).

Kvittering

Alle oppgåvegjevarar som leverer likningsoppgåver vil få tilsendt kvittering frå Skattedirektoratet for mottekne oppgåver og eventuelle feil. Kvitteringa vil mellom anna vise totalsummane over beløpspostane som er innrapporterte.

Frå og med inntektsåret 2013 blir elektroniske kvitteringar og feillister sende til oppgåvegjevar via Altinn. Oppgåvegjevar vil motta ei kvittering i Altinn når Skattedirektoratet har utført ein kvalitetskontroll av innrapporteringa. Kvitteringar blir sende til både oppgåvegjevar og innsendar.

Det er viktig at oppgåvegjevaren kontrollerer kvitteringa nøye ved mottak, slik at eventuelle feil i dei innleverte oppgåvene kan rettast opp snarast råd.

Dersom kvitteringa ikkje er motteken i Altinn innan eit par dagar, må oppgåvegjevaren kontakte Skattedirektoratet, på e-postadresse grunnlagsdata@skatteetaten.no.

Vi rår oppgåvegjevaren til ta vare på kvittering for sendinga til Skattedirektoratet.

Til toppen

 

Feil på innsende likningsoppgåver

Eventuelle feil på innsende likningsoppgåver vil gå fram av kvitteringa som oppgåvegjevaren får frå Skattedirektoratet (sjå ”Kvittering”). Feil som kjem fram på kvitteringa må rettast opp, og retta oppgåver må sendast Skattedirektoratet snarast (sjå ”Leveringsstad og fristar”). Oppgåvegjevaren kan rette opp feila ved å sende inn ei ny, korrekt oppgåve.

Dublettar

Kvar gjevar skal innrapporterast med totalt gåvebeløp for heile året i ei summert oppgåve. Dublettar ligg føre når det er sendt inn einslydande oppgåver i same eller tidlegare leveranse, det vil seie at gjevaren sitt fødsels-/D- eller organisasjonsnummer er identisk i fleire oppgåver. Dublettane blir avviste automatisk, men andre oppgåver i leveransen blir godkjende. For å korrigere ein gjevar som har blitt avvist i dublettkontrollen må du sende ei ny oppgåve med gjevaren sitt fødsels-/D- eller organisasjonsnummer og korrekt totalbeløp for gjevaren.

Ved innlesing i Skattedirektoratet vil leveransar med mange dublettar bli avviste i sin heilskap. Det vil då gå fram av kvitteringa at leveransen er avvist. Heile leveransen må sendast på nytt.

Uidentifiserte likningsoppgåver

Dersom det blir levert oppgåver med ugyldige eller manglande fødsels-/organisasjonsnummer på gjevaren, vil desse avviste. Disse oppgåvene må innrapporterast på nytt med korrekt fødsels, D- eller organisasjonsnummer (sjå ”Gjevaren sitt fødselsnummer, D-nummer eller organisasjonsnummer” og ”Riktig identifisering av oppgåva”).

Unumeriske beløp

Ved innrapportering av oppgåver skal det berre gjevast opp heiltal i beløpspostane i oppgåva. Dersom ein fyller inn forteikn (+/-) og/eller bokstavar i feltet vil oppgåva/oppgåvene bli avvist og kome fram på feillista, som er lagd ved kvitteringa for innsende likningsoppgåver. For å rette desse oppgåvene må dei sendast inn på nytt. 

Korrigere ei oppgåve

Feil som blir oppdaga i innsende opplysningar må korrigerast så snart som mogleg. Dette gjeld uansett når på året feilen blir oppdaga.

For at gjevar skal få riktig frådrag for gåve på førehandsutfylt sjølvmelding, må korrekte oppgåver vere Skattedirektoratet i hende seinast innan 1. mars.
(Sjå ”Kontakt med Skattedirektoratet" og ”Leveringsstad og frist for innrapportering av likningsoppgåver”)

For å korrigere ei oppgåve må du sende inn oppgåva på nytt. Ny innsending krev at oppgåva har same unike identifikator som den opphavlege oppgåva. Grunnen til dette er at Skattedirektoratet sine system skal oppfatte dette som ein korreksjon og ikkje ei ny oppgåve. For oppgåver over gåver er det gjevar sitt fødsels-/D- eller organisasjonsnummer (saman med inntektsår og oppgåvegjevar) som er unik identifikator.

Når korrigert oppgåve blir motteke av Skattedirektoratet, vil oppgåva erstatte tidlegare innsend oppgåve. Den siste oppgåva du sender inn, blir då den gjeldande oppgåva.

Ved "sletting" (nullstilling) av ei oppgåve sender du oppgåva på nytt med beløp sett til 0.

Døme 1:
Første leveranse inneheld 1 000 oppgåver. Det blir avdekt at det er levert feil beløp på 40 av oppgåvene.

Ny innsending (korreksjon):
Ein ny leveranse som består av 40 oppgåver med same unike identifikator og korrigert beløp. Dei 40 korrigerte oppgåvene erstattar dei 40 opphavlege innsende oppgåvene i sin heilskap og totalt 1 000 oppgåver er oppgjevne til Skattedirektoratet.

Døme 2:
Ei oppgåve blir levert med fødselsnummer som høyrer til ein annan person enn gjevar (forveksling).

Ny innsending (korreksjon):
Heile oppgåva for denne personen må annullerast, det vil seie at ho må innrapporterast på nytt med beløpet sett til 0. Samstundes må det leverast ei ny og fullstendig oppgåve for gjevar med korrekt fødselsnummer og gåvebeløp. Tilsvarande gjeld korreksjon av ei oppgåve med feil organisasjonsnummer.

Døme 3:
Fleire oppgåver i ein leveranse inneheld same fødsels-/D- eller organisasjonsnummer (dublettar). Alle oppgåvene med same unike identifikator blir avviste i Skattedirektoratet sitt system.

Ny innsending (korreksjon):
For å korrigere ein gjevar som har blitt avvist i dublettkontrollen må det sendast ei ny oppgåve med gjevaren sitt fødsels-/D- eller organisasjonsnummer og korrekt totalbeløp (sjå også "Dublettar").

Til toppen


Testing

For å avdekkje moglege feil slik at sjølve innrapporteringa blir mest mogleg korrekt, rår Skattedirektoratet oppgåvegjevaren til å sende inn testoppgåver.

Informasjon om de nye formata og innsending av testdata kan du lese meir om på nettsida til moderniseringsprosjektet.

Til toppen

 

Skildring av filformatet (tidligare recordskildring)

Formatskildringa viser korleis ei XML-fil for innrapportering av likningsoppgåver over gåver til visse friviljuge organisasjonar og tros- og livssynssamfunn skal byggast opp. Dokumenta finn du ved å følgje denne lenkja:

Format og tekniske spesifikasjonar – gåver til visse friviljuge organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

Formatskildringa skal nyttast av oppgåvegjevarar/innsendarar som skal innrapportere likningsoppgåver via Altinn-skjemaet RF-1301 Likningsoppgåver som vedlegg.

Til toppen

 

Kontakt med Skattedirektoratet

Spørsmål som gjeld innrapportering av likningsoppgåver kan rettast til Skattedirektoratet på e-postadresse: grunnlagsdata@skatteetaten.no

Du kan også ringe Skatteopplysninga på telefonnummer: 800 80 000 (tasteval 5-3-3)

Til toppen

Kontakt oss

For spørsmål om innrapportering av tredjepartsopplysninger: 

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no 
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 4-3-1)

Vennligst oppgi organisasjonsnummer ved henvendelser til oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.